Fibeprisen til Jonas Gaudernack

Jonas Gaudernack

Jonas Gaudernack frå NHH vann årets Fibepris for eit forskingsbidrag innanfor revisjon. Forskinga bidreg med kunnskap som kan hjelpa revisor til å gjera betre internkontrollvurderingar, noko som også fører til riktigare risikovurderingar.

09.01.2009 - Hallvard Lyssand


Sidan 1996 har Cappelen Akademisk forlag lyst ut ein pris for beste forskningsbidrag til Fagkonferansen for bedriftsøkonomiske emner (FIBE). Konkurransen er åpen for forskarar under 35 år, og prisen er på kr 20 000.

Blant i alt 13 innsende bidrag valde ein samrøystes fagjury å la prisen for 2009 gå til Jonas Gaudernack for arbeidet "Cue Combinations in Control Risk Judgements".

Arbeidet tek utgangspunkt i utviklinga i regulering og praksis knytta til revisor sin internkontrollvurdering. På dette grunnlaget vert det utvikla teori om korleis revisor bør ta omsyn til karakteristika i vurderingssituasjonen i høve til korleis internkontrollelement vert vekta og kombinert i samband med risikovurdering. Føremålet er å bidra med kunnskap som kan hjelpa revisor til å gjera betre internkontrollvurderingar, noko som vidare fører til riktigare risikovurderinger slik at revisjonen blir betre og meir effektiv.

Teori og praksis

Gaudernack er amanuensis II ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap ved NHH, og revisor og rådgjevar i PriceWaterhouseCoopers. Han er den første med revisjonsbakgrunn som har avlagt doktorgrad i revisjon ved ein norsk lærestad. Gaudernack forsvarte avhandlinga si ved NHH i november 2008, og Fibe-bidraget inngår i dette arbeidet.

Prisen vart delt ut torsdag kveld, og vinnaren nytta m.a. høvet til å takka vegleiiarar og andre ved NHH, der han etter eige utsagn har "trakka i gangane sidan 1993."

Openbert publiseringspotensiale

På vegner av fagjuryen fastslo professor Frode Sættem frå Institutt for foretaksøkonomi at Gaudernack sitt bidrag har interessant problemstilling og angrepsvinkel, verkar forskingsmessig solid og bør ha openbert internasjonalt publiseringspotensial. Bidraget skal då også bearbeidast med sikte på publisering i eit internasjonalt forskingstidsskrift, og alt seinare denne månaden skal det presenterast på ein konferanse i regi av American Accounting Association.

I juryen sat i tillegg til professor Frode Sættem frå NHH, professor Frode Mellemvik frå Høgskolen i Bodø og førsteamanuensis Ragnhild Silkoset frå BI. Prisen vart delt ut av Sættem og Søren Wenstøp frå Cappelen Akademisk forlag.

Fibeprisen, Jonas Gaudernack og Søren Wenstøp
Jonas Gaudernack fekk overrekt Fibeprisen 2009 torsdag kveld. Søren Wenstøp fra Cappelen Akademisk forlag til venstre.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive