Sandmo i forskingspolitisk ekspertutval

Agnar Sandmo

Kunnskapsdepartementet har nedsett eit ekspertutval som skal gje råd om korleis forskingspolitiske mål skal nåast og korleis ein best kan få nytte av dei offentlege ressursane som går til forsking. Blant utvalsmedlemene er NHH-professor Agnar Sandmo.

21.12.2009 - Hallvard Lyssand


Ekspertutvalet vart utnemnd i statsråd fredag.

Utvalets oppgåve er å gje råd om korleis ein skal nå dei ni forskingspolitiske måla som vart presenterte i forskingsmeldinga "Klima for forskning" i april i år (Stortingsmelding nr. 30), og korleis ein kan få høgast mogeleg samfunnsøkonomisk nytte i brei forstand av den offentlig finansierte forskinga, heiter det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Ressursar vs. Resultat

I følgje pressemeldinga gjev dei ni forskingspolitiske måla signal om at offentlig finansiert forsking skal bidra til å løysa samfunnsutfordringar som frå klimautfordringar til eldrebølgje og verdiskaping.

Vidare heiter det at Noreg alt er blant landa i verda som bruker mest offentlege midlar per innbyggjar på forsking, men at det også må følgja kritiske spørsmål med løyvingane.

- Vi må våga å spørja om det er god nok samanheng mellom ressursane vi nyttar i forskinga og resultata vi får, om forskingsresultata har høg nok kvalitet og om dei gir svar på dei store samfunnsutfordringane, fastslår forskingsminister Tora Aasland i pressemeldinga, og konstaterer vidare:

- Vi må forventa oss sterkare krav til å prioritera forskingsinnsatsen i åra som kjem.

Aasland seier seg godt nøgd med utviklinga i norsk forsking, men ser også utfordringar ved at det ikkje vert samarbeidd nok i norsk forsking og at mange fagmiljø er for små og ikkje klarar å levere god nok utdanning eller forsking.

Rådgjeving

Ekspertutvalet har fått i oppgåve å drøfta samanhengen mellom mål, ressursar og resultat for offentlig finansiert forsking i lys av dei forskingspolitiske måla, og gje råd om følgjande problemstillingar:

• Er det behov for endringar i den offentlege finansieringa som kan gje høgare kvalitet i forskinga og betre utnytting av ressursane?

• Korleis kan styresmaktene kan utvikla eit betre grunnlag for kritisk å vurdera ressurstilgang og rekruttering i forskinga i lys av samfunnet sine behov?

• Kva er gode overordna resultatmål og indikatorar for offentlig finansiering av forskning?

• Kva prinsipp som bør liggja til grunn og kva endringar bør eventuelt gjerast for at mål og resultatstyring betre kan nyttast som styringsverktøy i forskingspolitikken?

Utvalet skal levera sine innspel innan 1. mai 2011.

Kvit
Ekspertutvalets medlemmer

Prof. Jan Ernst Fagerberg (leiar)

Adm. dir. Gry Agnete Alsos

Dir. Marianne Andreassen

Forskar Ådne Cappelen

Leiar Inge Jan Henjesand

Prof. Astrid Lægreid

Prorektor Curt Rice

Prof. Agnar Sandmo

Dir. Randi Søgnen


Ni forskingspolitiske mål

Fem strategiske mål
- Globale utfordringar

- Velferds- og forskingsbasert profesjonsutøving

- Næringsrelevant forsking på strategiske område

- Betre helse- og helsetenester

- Kunnskapsbasert næringsliv i heile landet.

Fire tverrgåande mål
- Eit velfungerande forskingssystem

- Høg kvalitet i forskinga

- Internasjonalisering av forskinga

- Effektiv utnytting av resultat og ressursar

"Dei årlege forskingsbudsjetta skal innrettast mot de ni måla og samtidig stimulera til auka FoU-innsats i næringslivet," heiter det.

Les utfyllande informasjon om dei ulike forskingspolitiske måla i Kunnskapsdepartementets faktablad eller les Stortingsmeldingen



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive