Fekk pris for beste masteroppgåve i samfunnsøkonomi

Jon Fredrik L. Vassengen og Lars Skage Engebregtsen

Lars Skage Engebretsen og Jon Fredrik L. Vassengen er årets vinnarar av Institutt for samfunnsøkonomi sin konkurranse om beste masteroppgåve. Dei får prisen for oppgåva "En empirisk analyse av springbretteffekter i det norske arbeidsmarkedet."

04.12.2009 - Hallvard Lyssand


Institutt for samfunnsøkonomi lyser kvart år ut ein konkurranse om beste masteroppgåve innan det samfunnsøkonomiske feltet levert til sensur dei siste 12 månadene.

Målet med konkurransen er å få opp engasjementet for å skriva gode oppgåver og å få synleggjort nokre av dei gode arbeida som vert gjort.

I tillegg til heider og ære får vinnarane kr 10000, ein diplom og høve til å presentera arbeidet på instituttet.

Springbretteffekten

Lars Skage Engebregtsen
Lars Skage Engebregtsen.

Årets vinnarar er Lars Skage Engebretsen og Jon Fredrik L. Vassengen.

Dei fekk prisen for ei oppgåve med tittelen "En empirisk analyse av springbretteffekter i det norske arbeidsmarkedet," som dei har skrive under rettleiing av professor Kjell Gunnar Salvanes.

Gjennom analyse av data frå Arbeidskraftsundersøkelsen for perioden 1996 til 2005 har Engebregtsen og Vassengen undersøkt i kva grad mellombels tilsetjing fungerer som eit springbrett til permanent tilsetjing.

Konklusjonen er at springbretteffekten frå mellombels til permanent stilling særleg gjer seg gjeldande for ein del lågt utdanna menn over 30 år.



Grundig, presist og kompetent

Jon Fredrik L. Vassengen
Jon Fredrik L. Vassengen.

Juryen - Erling Steigum og Erik Ø. Sørensen - fastslår at mange av dei 14 oppgåvene som vart levert til konkurransen er veldig gode, men at vinnarane sitt arbeid utmerkar seg ved å liggja svært nær den akademiske fronten både i spørsmålsformulering, dataanalyse og skriftleg framstilling.

Oppgåveforfattarane får vidare ros for å gje ein presis oversikt over omfanget og samansetjinga av mellombels tilsetjingar i den norske arbeidsmarknaden, for å presentera både eit oversiktlig regnskapsrammeverk og ein grundig økonometrisk analyse for å analysere straumar av arbeidstakarar, og for ein stor og kompetent innsats med å bearbeida, analysere og tolka data frå Arbeidskraftsundersøkelsen.

Godt motteken

Fredag presenterte prisvinnarane arbeidet sitt for representantar frå fagstaben ved institutt for samfunnsøkonomi, og fekk god respons frå fleire hald.

Engebregtsen og Vassengen var naturleg nok svært godt nøgde.

- Å få denne prisen er veldig, veldig gøy. Vi har arbeidd mykje med dette, og det er moro å få eit godt resultat og gode tilbakemeldingar, fastslo dei overfor Paraplyen.


Språkleg skreddarsaum frå metaforlokomotivet
Professor Øystein Thøgersen (Foto: Siv Dolmen)
Professor Øystein Thøgersen her fotografert under Høstkonferansen i Oslo nylig.
Foto: Siv Dolmen

Som eit lite PS kan det nemnast at instituttleiar og professor Øystein Thøgersen ikkje berre delte ut, men også vart tildelt ein pris fredag - om enn av det meir uoffisielle slaget.

Fagbladet Journalisten har ei fast språkspalte der det blir delt ut ris og ros knytt til språkbruk blant journalistar og offentlege personar.

Thøgersen er tildelt "Ukas metaforpris" for følgjande setning:

"De som kommer til å klare seg best er lokomotivene som har orden i sysakene."

Sitatet vart fanget opp av journalist Kari Vartdal Riise i Dagens Næringsliv i samband med NHH sin Høstkonferanse i Oslo nyleg.

Metaforlokomotiv Thøgersen seier til Paraplyen at æra definitivt er det mest sentrale i ein slik samanheng, og at det derfor er til å leva med at det ikkje følgjer korkje kontantar eller diplom med prisen.




Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive