50 Cent toppar UKEN-plakaten
Den amerikanske rap-artisten 50 Cent toppar plakaten under UKEN 2010.
15.12.2009 - Hallvard Lyssand
Jubelen stod i taket i Studentkantina ved NHH tysdag då pr-sjef for UKEN 2010, Jonatan Asplin, avslørte at neste års hovudtrekkplaster blir 50 Cent og G-Unit.
Den profilerte rapparen med følgje entrar scena i Aulaen torsdag 11. mars.
Bak artistnamnet 50 Cent finn ein Curtis James Jackson III fra Queens i New York.
Han slo gjennom som artist i 2003 med albumet Get Rich or Die Tryin', etablerte seg fort som en av hip hop-ens verkelege superstjerner og har seld så mange millionar eksemplar av både debutplata og seinare album at rikdommens skulle vera sikra.
- Dette er den største artisten vi har hatt på UKEN på mange år, kanskje nokon sinne. UKEN10 har fått sin definitive plakat-toppar, fastslår UKEsjef Kristen Holt på uken.no.
|