Velkomstmøte for nye PhD-studentar

Nye PhD-studentar 2009 (Foto: Asle Haukaas)

26 nye doktorgradsstudentar byrja måndag på NHH. Dei er dei utvalde etter grundig vurdering av 245 søkarar. Ti av dei nye er norske og ti er kvinner. In English

25.08.2009 - Asle Haukaas


Nye PhD-studentar 2009

Dekan Anna Mette Fuglseth og rektor Jan I. Haaland tok imot alle dei nye doktorgradsstudentane under eit velkomstmøte på Stupet.

Målet var å gjere eit godt førsteinntrykk på dei nye stipendiatane, og dei fekk helsa på og snakka med instituttleiarar og andre frå fagstab, bibliotek og administrasjon.


Rektor ønskte alle velkomen og introduserte dei til NHH, medan dekanen presenterte doktorgradsprogrammet.

Stipendiatane fekk vidare informasjon om kurset i akademisk skrivekunst og forsking av Trine Dahl, om engelsk språksørvis av Vivienne Knowles og om biblioteket sine tenester av Sissel Hafstad.

Dei nye doktorgradsstudentane er ein solid tilvekst til NHH og fordeler seg på institutta på følgjande måte:

Institutt for føretaksøkonomi:
Zuzana Laffersova (Slovakia)
Geir Magne Bø
Martin Evanger
Kamil Kladivko (Tsjekkia)
Elena Fominykh (Russland)
Mario Guajardo (Chile)

Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap:
Jeff Downing (USA)
Nina B. Haraldsen

Institutt for samfunnsøkonomi:
Magne Krogstad Asphjell
Elias Braunfels (Tyskland)
Tunc Durmaz (Tyrkia)
Lucas Laffers (Slovakia)
Jan Erik Meidell
Erin Mølland
Eirik Nødset
Darina Polokova (Slovakia)
Helge Sandvig Thorsen

Institutt for strategi og leiing:
Santi Effendi (Indonesia)
Ye Fang (Kina)
Mustafa Ghulam (Pakistan)
Rina Herani (Indonesia)
Nasun Moadmuang (Thailand)
Sinead E. O'Flanagan (frå Irland)
Vasilisa Sayapina (frå Russland)
Aleksander Sivertsen
Cathrine von Ibenfeldt Trelease

Nye PhD-studentar 2009
Rektor Jan I.Haaland og dekan Anna Mette Fuglseth kunne måndag ønska 26 nye PhD-studentar velkomne til NHH.
Foto: Asle Haukaas
Nye PhD-studentar 2009
Dei nyankomne fekk m.a. treffa representantar frå fagstaben og administrasjonen.
Nye PhD-studentar 2009
Dei 26 nye Phd-studentane kjem frå 11 land. Ti av dei er kvinner.
Foto: Asle Haukaas

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive