Teknologioptimisten

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

- Teknologiske endringar i stor skala er ein sentral del av svaret på den gigantiske klimautfordringa verda står overfor, fastslo Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim då han heldt gjesteførelesning for NHH-studentar tysdag.

26.08.2009 - Hallvard Lyssand


Om tre veker er det stortingsval og i desember er det klimatoppmøte i København. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV) vil nok gjerne vera representert både i regjeringskontora og på klimamøtet, og dermed har han gode grunnar til å leggja ut på vegen.

Tysdag formiddag vitja Solheim NHH og heldt føredrag for bachelor-studentar om konsekvensar av den varsla klimakrisa, og om mogelege nasjonale og globale bidrag for å avgrensa krisa så mykje som råd.

Vitskapens absolutte triumf

Trass i den til dels dystre tematikken byrja statsråden optimistisk med det han kalla "vitskapens absolutte triumf": At toppfolk innan ei rekkje vitskapar - via FNs klimapanel - bidreg til å skapa eit felles grunnlag for politiske avgjerder.

- Alle verdas politiske leiarar utanom Siv Jensen(Frp) er samde om å bruka rapportane frå FNs klimapanel som grunnlag, hevda Solheim.

Han understreka at det må mykje meir forsking til og at det kan vera tvil om detaljar, men at det er semje om hovudgrunnlaget og at IPCC sine rapportar er eit viktig utgangspunkt for internasjonal handling.

Erik Solheim Gjesteførelesning NHH 2009
- Ikkje tru at marknadskrefter åleine er løysinga på klimautfordringane, bad Solheim dei frammøtte i aud. max.

Alle marknads-imperfeksjonars mor

SV-statsråden hadde ikkje gløymt at han snakka til eit rom fullt av siv.øk.-spirer, og hadde også økonomifaglege perspektiv.

Han siterte Stern-rapporten på at klimaendringane er "den største marknadsimperfeksjonen i verdshistoria," og fastslo at marknaden åleine ikkje kan styra utviklinga over i meir klimavenleg retning.

- Alle viktige framsteg på klima- og miljøområdet har kome via offentlege reguleringar, sa Solheim, og eksemplifiserte ved å peika på diverse amerikanske Clean Air Acts.

Teknologisk redningsoperasjon

Neste naturlege steg var å spørja kva reguleringar, skatte- og stimuleringsordningar som må til, og kvar dei skal setjast inn for å vri marknaden i klimavenleg retning.

Svaret til Solheim er satsing på og tilrettelegging for teknologiutvikling og -endring.

-Vel trengst det også åtferdsendringar, men hovudsvaret er teknologiendring i massiv skala, sa han.

- Og det er mogeleg, la han til og minna om alt frå utviklinga i forventa levealder i førre hundreår til internett- og mobilrevolusjonen dei siste 15-20 åra.

Det gamle testamentet og Den store forsterkaren

Men kva inneber eigentleg klimatrusselen? Kva konsekvensar er det vi står overfor?

- Klimatrusselen er den store forsterkaren, sa Solheim.

- Klimaendringane fører ikkje med seg noko nytt. Alt frå flaumar til tørke er skildra i Det gamle testamentet. Men det er tale om ei drastisk forsterking av kjente problem.

Og som vanleg er det dei fattige som vert råka hardast.

- Bergen har ressursar til å takla at havnivået stig med 75 cm, men i Bangladesh vil det vera ein katastrofe av enorme proporsjonar. Og i uværet i Burma døydde 140.000 menneske på ein kveld, påpeikte Solheim.

Ein gigantisk utfordring

Bodskapen til NHH-studentane var klar: Klimatrusselen er ein gigantisk utfordring som menneska må løysa.

Solheim konstaterte at det er heilt sentralt at vi tek konsekvensane inn over oss. Han minna om at dei fleste i salen vil leva til 2070-80 og at dei dermed vil få kjenna endringane på kroppen.

- Dette er eit nært perspektiv, åtvara han.

Samstundes hevda han at verdssamfunnet aldri har vore betre rusta til å takla problem av slike dimensjonar av di vi har ei rekke godt utvikla internasjonale fora og ein stor og godt informert global middelklasse som stiller krav om tiltak.


Sentrale spørsmål

Det er likevel eit stykke frå folkelege krav om tiltak til konkrete avtalar.

Ifølgje miljøministeren vil to spørsmål bli sentrale under klimatoppmøtet i København i desember:

Korleis skal dei rike landa redusera sine utslepp, og korleis skal ein formulera seg for å få til reduksjonar for gigantane Kina og India utan at det går utover utviklinga deira?

Solheim gav ingen definitive svar, men understreka at teknologioverføring frå rike til fattige erein veg å gå, og la til at det må store pengar på bordet.

Erik Solheim Gjesteførelesning NHH 2009
Trekanten USA, Kina/India og EU blir dei avgjerande aktørane under klimatoppmøtet i København i desember. Og i denne samanhengen er Noreg med EU, sa Erik Solheim under føredraget på NHH.

Noreg del av EU

Om København-møtet skal føra til noko konkret er opp til trekanten USA, Kina/India og EU.

- Og i denne samanhengen er Noreg del av EU, sa Solheim.

Han er Obama-optimist og meinte overgangen frå Bush til Obama har ført til ei retningsendring av verdshistorisk betydning.

- Brått er USA med i dialogen for alvor, og då kan ingen lenger gøyma seg i deira skugge og nekta å innføra tiltak, resonnerte SV-aren.

Norske bidrag

Men kvar har eigentleg Noreg å bidra i det internasjonale klimaarbeidet?

- Det finst inga internasjonal interesse for norske reguleringar knytt til bilar og liknande. Der er vi for små. Men når det kjem til skip er vi femte størst i verda, og der blir våre tiltak på miljøsida lagt merke til, sa Solheim.

Han gav ros til reiarane, og særleg reiarforbundets leiar Elisabeth Grieg for klart uttalt miljøengasjement i eit intervju i DN tysdag 25. august.

Vidare ramsa han opp satsing på vern av regnskog, på karbonfangstteknologi og finansieringsløysingar som norske bidrag som vert lagt merke til internasjonalt.

Ta plass i framsetet

Den raudgrøne "superministeren" svippa innom valkampmodusen att då han åtvara om at Frp i maktposisjon vil tyda at Noreg hamnar passivt i baksetet i klimaarbeidet.

Solheim meinte i staden at Noreg må vera i framsetet, og gjerne ha ein finger eller fem på rattet.

Han lista opp fem punkt med konkrete tiltak:

Det første er å "ta ein Gro" og ta internasjonal leiing trass i at vi er få i verdsmålestokk. Solheim trekte fram regnskoginitiativet som eit døme på at det er mogeleg.

- Det må verta meir lønsamt å bevara enn å øydeleggja, var bodskapen.

For det andre skal Noreg satsa hardt på grøn kraft og teknologi.

- Vi bør bli storeksportør av grøn kraft, sa Solheim.

Det tredje tiltaket er å bruka oljefondet og statseigde verksemder aktivt.

- Oljefondet er stort i verdssamanheng og gjev oss påverknad. Vi kan også utforma retningsliner for kva store statlege selskap. Det er ikkje tale om detaljstyring, men om rammer, understreka han.

For det fjerde bør Noreg bli elbil-landet.

Solheim konstaterte at svært mykje transport vil skje i bil i overskodeleg framtid, men at nye elbilar og betre ladingsteknologi vil gjera det mogeleg og ønskeleg med overgang til elbilar.

Femte og siste punkt er grøn marknadsregulering.

- Både transportsektor, oljesektor, industri og byggebransje må regulerast strengare. Og mange av dei kjem alt til oss og bed om det fordi dei veit at dette vil favorisera dei som kan levera det nyaste, sa Solheim.


Erik Solheim Gjesteførelesning NHH 2009
Miljøministeren fekk spørsmål om alt frå forskingssatsing, atomkraft og konkrete utsleppsmål til syn på overbefolkning og kvifor det er så lite debatt kring spørsmålet om vestleg konsumreduksjon.

Tabu?

- Kvifor høyrer vi aldri om det største tiltaket? At vi i Vesten byrjar å redusera konsumet vårt? Er det tabu? spurte ein student.

- Det er ikkje eit tabu. Om vi gjekk ned på indisk konsum nivå var problemet løyst. Men det finst ingen måte å gjera det på anna enn ein verdskrig eller totalt økonomisk samanbrot. Det er politisk og økonomisk umogeleg å koma ned på det nivået, svara Solheim.

- Samstundes kan vi ikkje overtala kinesarar og indarar til å halda seg under vår levestandard, så teknologiendringar må bli svaret, heldt han fram, men la til at lågare kjøtkonsum og å reisa meir kollektivt er gode bidrag.

Professor Lars Mathiesen meinte svaret var vel lettvint.

- Den norske stat promoterer kjøtforbruk. Kan vi vera bekjent av det? spurde han, og kom med ei oppmoding:

- Lag eit prissystem som gjev signal om å redusera farleg forbruk.

Spørsmålsstillaren understreka at han ikkje meinte at forbruket skal reduserast til indisk nivå, men snarare tiltak som oppjustering av bensinprisane og ekstramidlane brukt på tog, samt at folk reduserer hyppigheita av PC-kjøp og mobilskifte.

Forsking, kvotar, atomkraft og kutt

Solheim fekk også spørsmål på ei rekkje område, t.d. om kor mykje regjeringa faktisk løyver til forsking på grøn energi.

Han kunne ikkje gje noko eksakt tal, men hevda at det vert gjeve "masse" til universitet og høgskular.

- Det meste må likevel skje i bedriftene, sa Solheim.

På spørsmål om atomkraft - for eksempel basert på thorium - er ei mogeleg energiløysing, var miljøministeren avvisande.

- Thorium-tanken er skrinlagt. Norsk thorium ville uansett ikkje fungert på kort sikt, import er uaktuelt, og tradisjonell atomteknologi medfører fare for våpenutvikling, sa han.

Eit internasjonalt kvotesystem meiner han derimot må på plass, men han påpeikte at det ikkje vil løysa alle problem, og at forsøk med kvotesystem så langt ikkje har fungert optimalt.

SV-toppen stadfesta elles at partiet ønskjer å utvida dei stortingsvedtekne norske kuttforpliktingane frå 30 til 40 prosent av 1990 nivå innan 2020.

Blir utanfor

- Korleis kan du tru så sterkt på internasjonalt samarbeid, men ikkje ha tru på EU og seia nei til norsk medlemskap? vart det spurd.

- Eg har tru på EU. EU trengs og dei har vore ei viktig drivkraft. Men det tyder ikkje at Noreg må vera medlem. Ved å stå utanfor kan vi ofte vera skarpare og gå lenger enn det som er mogeleg når 26 land skal verta samde seg i mellom. I EU er det nokre pådrivarar og nokre bremsar i klimaarbeidet, og pådrivarane treng oss og det faktum at vi kan formulera oss skarpare, repliserte Solheim.

Middelklassemilliardar

- Kan ein få bukt med klimaproblema utan å få kontroll over befolkningsveksten først? Ville ein student veta.

- Etter mitt syn finst det tre grupper i verda: Ein middelklasse på tre milliardar menneske, tre milliardar fattige og tre milliardar som ikkje er fødde enno. Målet til dei to siste gruppene er å nå opp til den første, svara Solheim.

- Kina sin eittbarnspolitikk er eit prov på at det er mogeleg å regulera befolkningsvekst, men konsekvensane er knallharde for svært mange. Det andre som fungerer er økonomisk framgang. Når økonomien går betre og kvinner får utdanning og jobb, går fødselstala ned, heldt han fram.

- Så planen er ein middelklasse på ni milliardar menneske? undra studenten.

- Iallfall lågare middelklasse i tydinga at folk veit kva dei og familien skal eta i morgon, konkluderte Solheim.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive