Teknologioptimistisk miljøminister

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

- Teknologiske endringar i stor skala er ein viktig del svaret på den gigantiske klimautfordringa verda står overfor, fastslo Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim då han heldt gjesteførelesing for NHH-studentar tysdag.

26.08.2009 - Hallvard Lyssand


Om tre veker er det stortingsval og i desember er det klimatoppmøte i København. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV) vil nok gjerne vera representert både i regjeringskontora og på klimamøtet, og dermed har han gode grunnar til å leggja ut på vegen.

Tysdag formiddag vitja Solheim NHH og heldt føredrag for bachelor-studentar om konsekvensar av den varsla klimakrisa, og om mogelege nasjonale og globale bidrag for å avgrensa krisa så mykje som råd.

(Dette er ein forkorta versjon av saka. Les eit lengre referat i Paraplyen sitt nyhetsarkiv)

Gigantutfordring

Solheim fastslo at klimatrusselen er den største utfordringa menneska står overfor.

Rett nok fører neppe klimaendringane med seg "nye" problem. Det er framleis tale om kjente storleikar som flaum, tørke og ekstremvêr. Men problema vert venteleg verre enn før.

Og dei som er unge i dag vil truleg få høve til å kjenna endringane på kroppen.

Trøysta miljøministeren tilbaud var at vi aldri har vore betre rusta til å takla utfordringa. Han trekte fram godt utvikla internasjonale fora, og ikkje minst at det er brei semje om å bruka rapportane til FNs klimapanel som grunnlag for politisk handling.

SV-aren nytta elles høvet til å hevda at Siv Jensen og Frp er temmeleg åleine om mistrua mot klimarapportane.

Teknologisk redningsoperasjon

Solheim støtta seg på Stern-rapporten då han fastslo at marknadskrefter åleine ikkje kan styra utviklinga over i meir klimavenleg retning.

Han meiner det trengst offentlege reguleringar og stimuleringsordningar for å koma på rett spor. "Rett spor" er ifølgje Solheim og -endring i massiv skala.

- Og slik utvikling er mogeleg, understreka han og minna om alt frå utviklinga i forventa levealder i førre hundreår til internett- og mobilrevolusjonen dei siste 15-20 åra.

Erik Solheim
Trekanten USA, Kina/India og EU blir dei avgjerande aktørane under klimatoppmøtet i København i desember. Og i denne samanhengen er Noreg med EU, sa Erik Solheim under føredraget på NHH.

Sentrale spørsmål

Ifølgje miljøministeren vil to spørsmål bli sentrale under klimatoppmøtet i København i desember: Korleis skal dei rike landa redusera sine utslepp, og korleis skal ein formulera seg for å få til reduksjonar for gigantane Kina og India utan at det går utover utviklinga deira?

Solheim gav ingen definitive svar, men understreka at teknologioverføring frå rike til fattige er ein veg å gå, og la til at det må store pengar på bordet.

Han fastslo at trekanten USA, Kina/india og EU er dei sentrale aktørane på møtet, og at Noreg i denne samanhengen høyrer til EU.

På område som shipping, vern av regnskog, karbonfangstteknologi og finansieringsløysingar hevda Solheim at Noreg har levert bidrag som vert lagt merke til internasjonalt.

Ta plass i framsetet

Den raudgrøne "superministeren" svippa innom valkampmodusen att då han åtvara om at Frp i maktposisjon vil tyda at Noreg hamnar passivt i baksetet i klimaarbeidet framfor å sitja i framsetet med ein finger eller fem på rattet.

Han kom med fem konkrete tiltak:
1. "Å ta ein Gro" og ta internasjonal leiing trass i at vi er få i verdsmålestokk, jamfør regnskoginitiativet.
2. Storsatsing på grøn kraft og teknologi, og å bli storeksportør på desse felta.
3. Å bruka oljefondet og statseigde selskap aktivt ved å setja rammer for verksemda deira.
4. Å bli sjølve elbil-landet så fort teknologien gjer det mogeleg.
5. Grøn marknadsregulering for å vri konkurransen i ulike sektorar til føremon for dei som har dei nyaste og beste løysingane.


Erik Solheim Gjesteførelesning NHH 2009
Miljøministeren fekk spørsmål om alt frå forskingssatsing, atomkraft og konkrete utsleppsmål til syn på overbefolkning og kvifor det er så lite debatt kring spørsmålet om vestleg konsumreduksjon.

Tabu, kvotar, atomkraft og kutt

Studentane i salen stilte spørsmål på ei rekkje område - frå statsråden sitt syn på atomkraft (mot) og framtida for kvotehandelssystem (for), til kor mykje regjeringa eigentleg løyver til forsking på grøn teknologi ("masse") og kor store utsleppskutt SV vil ta (40 %).

Solheim avviste at spørsmålet om kutt i vestleg forbruk er tabu, men fastslo at det er fullstendig urealistisk å tru at Vesten skal koma ned på t.d. indisk forbruksnivå med mindre det inntreff ein katastrofe.

- Samstundes kan vi ikkje overtala kinesarar og indarar til å halda seg under vår levestandard, så teknologiendringar må bli svaret, sa han mellom anna.

Då det vart påpeikt at Solheim tala varmt for internasjonalt samarbeid, men samstundes er imot norsk EU-medlemskap, svara SV-aren at EU er svært sentral i klimaarbeidet, men at Noreg ofte kan gjera meir nytte ved å stå utanfor, og dermed stå fritt til å vera skarpare enn EU i formuleringane.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive