Tek over kantina

Frå onsdag ettermiddag av trengst det deltakarbevis frå EFA-konferansen om ein vil slå seg ned i personal- eller studentkantina. In English

18.08.2009 - Hallvard Lyssand


Frå onsdag til og med laurdag vil NHH vera prega av innrykket av 500 deltakarar til European Finance Associations årlege konferanse.

Ein konkret konsekvens av arrangementet er at sitjeplassane i både personal- og studentkantina vert reservert for konferansedeltakarar frå onsdag klokka 13 til og med laurdag, vert det opplyst frå arrangementskomiteen.

Tilsette og studentar kan forøvrig handla i kantina akkurat som vanleg i heile den aktuelle perioden.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive