Riggar opp røystelokale 31. august

Biblioteket illustrasjonsfoto

Frå utgangen av august og fram til helga før stortingsvalet vert det mogeleg å førehandsrøysta i biblioteket på NHH.

19.08.2009 - Hallvard Lyssand


14. september er det som kjent stortingsval, men dei som gjerne vil ha røystinga unnagjort treng ikkje venta heilt til sjølve valdagen.

Det er fullt mogeleg å førehandsrøysta, og frå måndag 31. august t.o.m. fredag 11. september vert det høve til å gjera borgarplikta si i biblioteket på NHH.

- Det vil verta sett opp eit røystelokale i biblioteket sitt inngangsparti, og dette kan nyttast i heile vår ordinære opningstid. Dei som ønskjer å røysta her må ha med valkort og gyldig ID, opplyser spesialbibliotekar Kari Fjose.

- Dette tilbodet er ope for alle - både tilsette og studentar ved NHH, men også folk som bur i området rundt høgskulen - og erfaringa frå tidlegare val er at mange frå nabolaget nyttar høvet, legg ho til


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive