Klar for nye IT-utfordringar

Hoang Thanh Dang

Hoang Thanh Dang fullførte torsdag eit to år langt opphald som lærling ved IT-avdelinga på NHH med å oppnå beste karakter på den avsluttande prøven.

10.08.2009 - Hallvard Lyssand


- Eg er frå Hagavik i Os og har måtta stå opp klokka 05.30 og ta tre ulike bussar for å koma meg til NHH, men det har gått bra. Det var hit eg ville, og eg takka nei til andre tilbod, seier Hoang Thanh Dang.

I løpet av det to år lange opphaldet som lærling har han fått prøva seg på store delar av IT-feltet frå teknisk sørvis og drift til brukarstøtte og arbeid med NHHs nettsider.

- Brukarstøtte er nok det eg har likt aller best. Det er på det området ein kjem i kontakt med mest folk og det er kjekt å kunna hjelpa, seier han.

Hoang fekk beste karakter på den fem dagar lange avsluttande prøven, og gjev sjølv toppkarakter til læremeistrane på IT-avdelinga.

- Dei har lært meg svært mykje både reint fagleg og i høve til kva som kan vera lurt for å koma vidare reint karrieremessig. Dei er skikkeleg greie, og eg vil takka for to veldig hyggjelege og lærerike år, seier Hoang.

- Det har vore ein fornøyelse å vera vegleiar for Hoang. Han er alltid positiv og blid, har jobba aktivt med oppgåvene han har fått, og har med denne innsatsen opparbeidet seg stor fagleg kompetanse, noko han fekk bruk for på fagprøven, fastslår Bjørn Ivar Grøttå ved IT-avdelinga.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive