I influensaberedskap

Influensaberedskap illustrasjonsfoto

Årets semesterstart vert til ein viss grad prega av risikoen for eit utbrot av influensa A - betre kjent som svineinfluensa. NHH har utarbeidd ein beredskapsplan for eit eventuelt utbrot og produsert informasjonsmateriell for tilsette og studentar. In English

07.08.2009 - Hallvard Lyssand


Influensa A (H1N1) vert forårsaka av eit heilt nytt virus som første gong vart påvist hos menneske i Mexico og USA i april i år. Per 31. juli var svineinfluensa påvist i 168 land, og Verdas helseorganisasjon (WHO) har gjeve utbrotet merkelappen pandemi.

Folkehelseinstituttet fastslår at den nye influensavarianten normalt ikkje fører til meir alvorleg sjukdom enn vanleg influensa. Visse grupper kan likevel vera meir utsette for komplikasjonar enn andre. Desse har som oftast sjukdommar som påverkar lungefunksjon eller immunforsvaret.

Eit sentralt problem med det nye viruset er at svært få verkar å vera immune. Konsekvensen kan verta at langt fleire vert sjuke samstundes enn tilfellet er i samband med meir ordinær sesonginfluensa.

Beredskapsmessige forholdsreglar

Med semesterstart like rundt hjørnet tek NHH, tilliks med andre utdanningsinstitusjonar forholdsreglar for å avgrensa eit eventuelt utbrot av svineinfluensa mest mogeleg.

Det er utarbeidd ein beredskapsplan i tilfelle eit utbrot. Førebyggjande tiltak i form av dispensarar med desinfeksjonsmiddel er alt på plass, og det er sett i verk ekstra reinhald.

Vidare er det utarbeidd informasjonsmateriell på norsk og engelsk for tilsette og studentar. Her vert det m.a. gjeve råd om korleis ein bør gå fram for å redusera smittefare og kva ein bør gjera dersom ein har mistanke om at ein er smitta av svineinfluensa.

Alle tilsette skal ha fått denne informasjonen som tilsendt på e-post torsdag 6. august. Her vert det også understreka at det er viktig at NHH får beskjed om tilsette som har influensasymptom så fort som råd, slik at ein kan halda oversikt over storleiken på eit eventuelt utbrot. Målet er å sikra best mogeleg drift og samstundes som ein tek best mogeleg vare på tilsette og studentar.

Kjersti Berg Danilova i Studieadministrasjonen opplyser at informasjonsmateriellet vil bli distribuert til nye studentar under eit informasjonsmøte tysdag, medan dei resterande vil få informasjonen tilsendt via e-post.

Les mer om pandemisk influensa på helsestyreksmaktene si nettside pandemi.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive