Tilrår reduksjon frå tre til to eksamensforsøk

Gjentakseksamen illustrasjon

Fleirtalet i PBU går inn for å redusera talet på eksamensforsøk frå tre til to i eit forsøk på å få ned graden av gjentak i bachelorstudiet. Tiltaket krev forskriftsendring og må derfor handsamast av styret.

29.04.2009 - Hallvard Lyssand


Bachelor-studiet ved NHH ligg heilt i toppen på landsbasis når det gjeld gjentaksproduksjon. Høgt karakterpress vert vurdert som ei sentral årsak til at mange studentar vel å ta ny eksamen trass i at dei har teljande resultat frå tidlegare.

Programutvalet for bachelorutdanninga (PBU) har notert seg ein stigande tendens dei siste åra. Høg grad av gjentak vert m.a. vurdert som negativt av di det fører til ytterlegare forsterka karakterpress, tek tid og energi bort frå andre kurs og medfører ekstrakostnader for både studentane og NHH.

PBU sin konklusjon er at det må takast grep for å snu utviklinga.

Sju forslag

Følgjande sju forslag har vore på høyring hjå institutta og studentforeininga:

1. Berre tilby eksamen i undervisningssemesteret (jf. masterstudiet).
2. Innføra progresjonssperrer mellom kurs i bachelorstudiet.
3. Opplysa om talet på eksamensforsøk per kurs på vitnemålet.
4. Sist oppnådde resultat vert teljande, ikkje det beste, slik det er i dag.
5. Ikkje tillata gjentak når bestått resultat er oppnådd.
6. Redusera talet på eksamensforsøk frå tre til to.
7. Innføra kvote på gjentak - t.d. berre tillata eitt gjentaksfag per semester.

Frå tre til tro

I PBU-møtet sist veke vedtok eit fleirtal å tilrå punkt 6 - å redusera talet på forsøk frå tre til to.

Dette forslaget har fått støtte frå alle institutta. Det er dessutan det minst upopulære blant studentane.

Vedtaket har i alt seks punkt. Studentrepresentant Mattias R. Jørum tok dissens i saka, og kom med protokolltilførslar til to av punkta.

I den eine heiter det m.a. heiter at studentane meiner at PBU ikkje har sett nøye nok på dei underliggjande problema i saka, og at tiltaket kan ha motsett effekt av den ønskte.

I vedtakets punkt 2 heiter det at endringa skal innførast for studentar som ikkje har tidlegare eksamensforsøk i aktuelle kurs.

Studentane sin representant meiner dette vil gå utover studentar som har lagt opp sitt studieløp etter reglane som galdt då dei byrja, og at særleg studentar som har utvekslingsplanar eller verv i studentforeininga kan måtta leggja om sine planar drastisk.

Styresak

Ein reduksjon i talet på eksamensforsøk krev endringar i eksamensreglementet, og saka må derfor handsamast av NHH sitt styre.

Dersom styret støttar endringa ønskjer PBU at effekten av tiltaket skal evaluerast i komande mandatperiode.

At PBU berre tilrår ei endring i denne omgang tyder ikkje at alle andre forslag er uaktuelle. Punkt 4 og 5 i lista over er forkasta, og punkt 7 vert vurdert som lite aktuelt i denne omgang.

- Utvalet diskuterte mogelegheiten for berre å tilby eksamen undervisningssemesteret i valfrie kurs, men konklusjonen vart at dette må utgreiast nærare før ein tek endeleg stilling til forslaget, seier dekan for bachelor-studiet, Linda Orvedal.

Også spørsmålet om eventuelle faglege progresjonssperrer og mogelegheiten for å opplysa om talet på/typen eksamensforsøk på vitnemålet skal utgreiast nærare.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive