Innkalling til styreval

I byrjinga av mai skal det veljast tilsetterepresentantar til styret ved NHH. I dag (tysdag 21. april) får alle røysteføre tilsendt ein e-post med innkalling. Dei som vil røysta må svara på denne innkallinga.

21.04.2009 - Hallvard Lyssand


Valet av tilsetterepresentantar til NHH-styret finn stad 5. og 6. mai.

Det skal veljast to faste og fem vararepresentantar frå gruppa fast tilsette i forskar- og undervisningsstillingar.

Gruppene mellombels tilsette i forskar- og undervisingsstillingar og teknisk/administrativt tilsette skal velja ein fast representant og tre vararepresentantar kvar.

Dei ulike gruppene røyster på kandidatar frå si eiga gruppe.

Elektronisk val

Tilliks med det nyleg avslutta rektorvalet skal styrerepresentantvalet skje elektronisk.

Alle røysteføre får i dag (tysdag 21. april) tilsendt ein e-post med innkalling til val. Dei som ønskjer å nytta røysteretten må svara på innkallinga innan 4. mai klokka 12.

Dei som svarar på innkallinga vil få ein ny e-post med røystesetel om kvelden 4. mai.

Sjå lista over kandidatar frå dei ulike gruppene her

Valstyre
Jostein K. Lillestøl (leiar)
Nils H. Netteland (nestleiar)
Tore B. Holmesland
Jan Roald
Hege Grøndahl
Magne Ludvigsen

Eventuelle spørsmål kan rettast til Knut S. Roald, Knut.Roald@nhh.no, som er sekretær for valstyret.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive