Deltek i økonometri-konkurranse

Økonometri illustrasjon

Eit lag sett saman av PhD- og master-studentar representerer NHH under The Econometric Game i Amsterdam i neste veke.

02.04.2009 - Hallvard Lyssand


The Econometric Game er ei årleg tevling i anvendt økonometri i regi av organisasjonen til økonometri-studentane ved Universitetet i Amsterdam (VSAE).

Det heile byrja med ein nasjonal konkurranse i 1999, men arrangementet vaks fort. Ti år etter første tevling er lag frå 24 utdanningsinstitusjonar i Europa og USA påmelde. Laga er i hovudsak sett saman av to PhD-studentar og tre masterstudentar.

Andre forsøk

NHH deltok for første gang i fjor, og stiller på nytt i år.

Laget er plukka ut av førsteamanuensis Astrid Kunze og professor Øyvind Nilsen. Det består av PhD-studentane Kartika Sari Juniwaty og Jens-Christian Haatvedt, og masterstudentane Magnus Kvåle Helliesen, Joar Styve og Magne Krogstad Asphjell.

Dei to sistnemnde deltok også fjor.

- Konkurransen går i korte trekk ut på at laga får utdelt ein økonometrisk problemstilling som skal løysast ut frå fritt valde verktøy. Forma kan vel best skildrast som ein case-konkurranse der tema vert halde hemmeleg heilt til første konkurransedag, forklarer Asphjell.

- Tidlegare år har tema variert frå blant anna tidsserieanalyse i samband med klimaendringar til optimalisering av direkte marknadsføring via postordre, som var fjorårets tema, held han fram.

Tyngde og prestisje

Vanlegvis har tevlinga gått over to dagar, men i år har ein utvida til tre dagar med den siste som finaledag. Det heile byrjar tysdag 7. april og avgjerda fell torsdag 9. april.

At det er tunge institusjonar involvert og plenty prestisje ute og går skulle det vera liten tvil om. I fjor vann eit lag frå University of Cambridge. Dei to føregåande åra kom vinnarlaget frå University of Oxford.

Nøyaktig korleis fjorårets NHH-deltakarar plasserte seg er uvisst.

- Under premieutdelinga i fjor kåra juryen dei tre beste laga, og vi var dessverre ikkje blant desse. Nokon eksakt plassering fekk vi ikkje, truleg grunna mengda av svar juryen må pløya gjennom på relativt kort tid, fortel Asphjell.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive