Fire nye år

Rektoratet ved NHH: Viserektor Mette H. Bjørndal, rektor Jan I. Haaland og prorektor Gunnar Christensen

Jan I. Haaland og Gunnar E. Christensen vart fredag gjenvalde som høvesvis rektor og prorektor ved NHH. Med seg i det nye rektorteamet får dei viserektor Mette H. Bjørndal.
- Vi er glade og beæra over støtta vi har fått frå organisasjonen, og gler oss til å ta fatt på fire nye år, seier Haaland.

17.04.2009 - Hallvard Lyssand


Valet av rektor og prorektor ved NHH for dei fire neste åra vart avslutta fredag ettermiddag.

Klokka 16.30 kunne valstyret formelt fastslå at rektor Jan I. Haaland og prorektor Gunnar E. Christensen var gjenvalde.

I alt røysta 88 fagleg tilsette, 69 T/A-tilsette og 283 studentar. 89,4 prosent av dei som røysta ønskte gjenval.

Ingen motkandidatar

Utfallet kom knapt som noko stor overrasking sidan det ikkje hadde meldt seg motkandidatar.

På førehand spurde valkomiteen i alt sju interne og eksterne kandidatar om å vurdera å stilla til val, men ingen av dei ønskte å stille mot sitjande rektorat.

Grunngjevingane var m.a. at Haaland og Christensen har brei støtte internt, og at dei er i gang med fleire store prosessar som dei må få høve til å avslutta.

Gler seg

- Vi er glade og beæra over dei sterke oppmodingane vi fekk om å stilla til gjenval, og den breie støtta vi har fått frå heile organisasjonen ved NHH, sa Jan I. Haaland til Paraplyen fredag.

Saman med prorektor Gunnar E. Christensen og viserektor Mette H. Bjørndal gler han seg til fire nye år i rektoratet for NHH.

Det nye rektoratet si programerklæring skisserer dei viktigaste utfordringane og måla dei ser for den komande perioden.

Les programerklæringa i eiga sak på Paraplyen

Rektoratet ved NHH
Jan I. Haaland (i midten) og Gunnar E. Christensen vart fredag gjenvalde som høvesvis rektor og prorektor ved NHH. Som varsla før valet vert rektoratet no utvida med viserektor Mette H. Bjørndal.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive