Seminar om jubileumsboka

Elisabeth Bjørsvik og Yngve Nilsen (foto: Kristian Tindeland Marthinsen)

I forbinding med arbeidet med boka til NHHs 75-årsjubileum i 2011, inviterar bokkomiteen og forfattarar til seminar for alle interesserte måndag 17. november.

23.10.2008 - Paul Røren


Seminaret går frå klokka 10:00 til 12:00 i Finn E. Kydlands auditorium.

- Alle kan kome. Det er god plass i auditoriet, seier leiar av bokkomiteen, Bjørn L. Basberg.

Dyktige foredragshaldarar

Basberg oppmodar studentar og tilsette som er interesserte i NHHs historie til å møte opp.

- Seminaret kan kanskje hjelpe folk til å få eit historisk perspektiv på NHH, seier professor Basberg.

Her vil forfattarane av jubileumsboka, Elisabeth Bjørsvik og Yngve Nilsen, fortelje om problemstillingar og perspektiv knytt til boka.

På seminaret deltek også rådgjevar i Kunnskapsdepartementet, Eirinn Larsen og professor John Peter Collett frå Universitetet i Oslo. Larsen skal snakke om NHH som eliteinstitusjon - et internasjonalt perspektiv og Collett skal snakke om Hvorfor ble ikke det kongelige Fredriks Universitet (Universitetet i Oslo) en handelshøyskole?

- Desse to er nokre av dei få som arbeider med universitets- og forskingshistorie i Noreg, seier Basberg, og legg til at dei er særs dyktige på dette feltet.

I gang

- Formålet med seminaret er både å samle medarbeidarar for å diskutere framdrifta av boka, og å informere interesserte, fortel professor Basberg.

Programmet vil vere todelt. På formiddagen går det opne seminaret. Etter lunsj vil referansegruppa drøfte prosjektets framgang i detalj med forfattarane og bokkomiteen.

Boka vil vere klar til 75-årsjubileet i 2011 og har då vore arbeidd med i tre år. Basberg kan meddele at forfattarane er i gang med arbeidet.

- Dei føretek blant anna systematiske intervju med noverande og tidlegare medarbeidarar på NHH for å samle informasjon, seier Basberg.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive