Nye tilsette ved NHH

Odd Erik Arnesen (foto: Knut André Karlstad)

Odd Erik Arnesen og Cecilie Haukedal-Johansen starta nyleg å jobbe for NHH. Arnesen er driftsoperatør i 100 prosent stilling og Haukedal-Johansen fyrstesekretær ved sentralbordet i 50 prosent stilling.

16.10.2008 - Paul Røren


22. september byrja Odd Erik Arnesen i stillinga som er lagt til Administrativ og teknisk driftsavdeling.

Odd Erik Arnesen

Odd Erik Arnesen
TRAVEL. Odd Erik Arnesen har allereie hatt mykje å gjere i den nye jobben.
Foto: Knut André Karlstad

- I hovudsak er eg tilsett under postavdelinga, men kjem nok til å gjere litt av kvart, seier Arnesen og forklarar at han allereie har steppa inn som vikar på kompendieutsalet og vore under opplæring på sentralbordet.

Arnesen har til dømes god erfaring med stormaskinsprinting frå då han jobba på IT-sida i forsikringsselskapet EDB.

Så langt har det vore veldig hektisk for den nye driftsoperatøren, men han trivst godt.

- Det er mykje å setje seg inn i, men eg har fått god opplæring av Cecilie (Haukedal-Johansen) og Harald Gamst, seier Arnesen.


Cecilie Haukedal-Johansen
GUIDE. Cecilie Haukedal-Johansen rettleiar folk både på telefon og personleg når dei kjem til høgskulen.
Foto: Knut André Karlstad

Musikalsk sjonglør

Cecilie Haukedal-Johansen byrja offisielt i stillinga som fyrstesekretær 1. september, etter å ha hatt opplæring sidan midten av mai. Ho er musikar av yrke og har to bachelorgrader og ei mastergrad i tidleg musikk frå Nederland og Noreg. Tidlegare har Haukedal-Johansen vore produsent både for eit nederlandsk og eit eige musikkensemble.

- Som tidlegare produsent er eg vand med å sjonglere mange ting på ein gong, og eg har god erfaring med handtering av folk med diverse problem, fortel Haukedal-Johansen.

Ein jobb ved sentralbordet består ikkje berre av å ta telefonen. Ut ifrå det fyrstesekretæren kan fortelje om arbeidsoppgåvene verkar det som om ho somme tider trer inn i rolla som guide.

- Ein kan vel seie at eg fungerar som eit slags ansikt utad for NHH, seier Haukedal-Johansen.

Haukedal-Johansen trivst særs godt og meiner ho har mange greie kollegaer.

- Eg har funne meg godt til rette. Det er berre naturleg at eg trivst godt i jobben, sidan eg likar å hjelpe folk, seier ho.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive