Ledig vikariat som mediekontakt og forskingsformidlar
NHH søker ein engasjert og fagleg dyktig medarbeidar til å vikariere for vår mediekontakt og forskingsformidlar medan ho er i permisjon. Vikariatet er av ca eitt års lengd og kan bli forlenga. Stillinga er lagt til informasjonsavdelinga.
03.10.2008 - Red.
Søkarar må ha vilje og evner til å bygge gode relasjonar mellom media og fagmiljø for god formidling av økonomisk forsking og innsikt.
Arbeidsoppgåver:
- mediekontakt
- formidlingsamarbeid med fagmiljø
- mediefagleg rådgjeving
- støtte til store faglege arrangement
- støtte til koordinator for NHH Alumni
- NHH sine bidrag til Forskingsdagane
- medieovervakning mm
Personlege eigenskapar:
- mediefagleg bakgrunn eller røynsle
- gode samarbeids- og framstillingsevner
- fleksibel innstilling, godt humør og
- som er sjølvstendig og initiativrik
For stillinga er det naudsynt med høgare utdanning (tilsvarande bachelor eller høgare), helst med utdanning innan økonomiske fagområde. Erfaring med IT-løysingar som til dømes elektroniske nettverk, databasar og publiseringsverktøy er ein føremon. Det same gjeld gode språklege evner i norsk (nynorsk og bokmål), engelsk og eventuelt andre framandspråk.
Stillinga vert løna etter statens regulativ i kode 1408 - førstekonsulent, lønnsramme 22, ltr. 40 - 50. Dersom det melder seg søkarar med omfattande røynsle og spesialkompetanse vil ein vurdere å tilsette i kode 1434 - rådgiver, ltr. 48 - 60. Frå løna vil det bli trekt to prosent som innskot i Statens Pensjonskasse.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå balanse mellom kjønn og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
Formidling og informasjon er eit satsingsområde ved NHH og vi kan love utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt miljø. Kontakt informasjonssjef Asle.Haukaas@nhh.no pr epost for nærare informasjon om stillinga.
Søk stillinga på www.nhh.no innan 18.10.2008.
|