Debatt med debattredaktørar
- NHH er i ferd med å bli usynleg i samfunnsdebatten, hevda debattredaktørane Hilde Sandvik i BT og Knut Olav Åmås i Aftenposten. I dag, mandag klokken 12.00, møter dei til debatt i personalkantina, NHH.
07.06.2007 - Red.
Hilde Sandvik i BT og Knut Olav Åmås i Aftenposten møter til debatt på NHH.
Mandag 18. juni kl. 12.00 kjem Sandvik og Åmås til NHH for å teste NHH-arane si vilje til debatt. Alle i NHH-miljøet er velkomne til lunsj og debatt i personalkantina.
Debattredaktørane i Aftenposten og Bergens Tidende vil ha meir økonomidiskusjon i avisene.
- NHH er i ferd med å bli usynlige samanlikna med BI, sa Hilde Sandvik til tidsskriftet Forskerforum i siste nummer.
Vil ha NHH på banen
Sjølv om Noregs handelshøgskole ligg i Bergen, er det smått med økonomidiskusjon i spaltene i BT, meiner Sandvik.
- I vår seksjon for økonomidebatt er det vanskelig å få til gode diskusjonar, sidan dei fleste i næringslivet er ute etter å selja noko. Skal det bli debatt her, må det ofte skje gjennom akademikarar, seier Aftenpostens Knut Olav Åmås, som også har merka kor stille det er frå NHH.
Vil ha kortare innlegg
Debattredaktørane ynskjer seg fleire korte debattinnlegg og replikkar, ikkje berre kronikkar.
- Det er rart at ikkje fleire melder seg i dei kortare formata. Det er ei veldig god form, som ikkje bør ta så mykje tid, seier Hilde Sandvik.
- Eg skulle ønskt at akademikarane utviste større fantasi når dei melder seg til debatt. Når telefonen ringer og det er ein universitetsprofessor i den andre enden, håper eg at han vil ha på trykk ein replikk eller eit kortare debattinnlegg, sier Amås til Forskerforum. Les heile saka hos Forskerforbundet.
Alle i NHH-miljøet er velkomne til lunsj og debatt i personalkantina. For å få mat, må du melde deg på innan 13. juni kl. 12. For påmelding send e-post til presse@nhh.no
|