Ledige stipendiatstillingar
Ved Norges Handelshøyskole er det ledig fireårige stipendiatstillingar.
26.01.2005 - Afsoun Sabzian
Stipendiatstillingane er ledige ved følgjande institutt:
Institutt for foretaksøkonomi (foretaksøkonomi, matematikk og statistikk)
Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap
Institutt for strategi og ledelse (marketing, organisasjonsfag og informasjonsbehandling)
Institutt for samfunnsøkonomi (samfunnsøkonomi, økonomisk historie og økonomisk geografi)
Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon
Tilsetjing i stipendiatstilling føreset opptak i doktorgradsprogrammet ved NHH.. For å bli tatt opp i doktorgradsprogrammet må søkjaren ha femårig mastergrad eller tilsvarande som er relevant for vedkommandes doktorgradsutdanning, og for arbeidet med avhandlinga. Kvalifiserande utdanning skal normalt vere innafor økonomisk/administrative fag og eksamensresultata skal normalt være laudable. Studentar som avsluttar utdanninga i inneverande semester, og som tek sikte på å byrja på doktorgradsstudiet høsten 2005, kan og søkje.
Kandidatar som ikkje har kvalifiserande utdanning frå Noreg, må sørgje for at dokumenterte resultat frå GMAT/GRE vert tilsendt NHH frå GMAT/GRE senteret.
Høgskulen vil vurdere tilsetjing i samanheng med den aktuelle rekrutteringssituasjonen
Interesserte vil kunne få nærare opplysningar om stillingane og doktorgradsstudiet ved å vende seg til institutta. Informasjon om doktorgradsstudiet finst på http://www.nhh.no/studier/fulltid/phd. Det vert tilrådd å søkje rettleiing hjå faglærar ved høgskulen ved oppsetjing av plan for studia. Kontakt kan gjerast over tlf. 55 95 90 00.
Stipendiatar må delta i arbeidet ved det instituttet dei er knytte til, etter nærare avtale med instituttet. Pliktarbeidet utgjer 25% av stillingsbrøk.
Stillingane har stillingskode 1017 og vert løna i lstg. 38. Frå løna vert trekt 2% til Statens Pensjonskasse.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje. Dersom søkjarane står tilnærma likt, vil kvinnelege søkjarar bli føretrekte.
Søknaden skal skrivast på eige skjema. På skjemaet er det spesifisert kva vedlegg som skal leggjast ved søknaden. Søknaden må vere fullstendig for å bli vurdert. Felles søknadsskjema for stipendiatstilling og opptak doktorgradsstudiet kan ein få ved å vende seg til personal- og organisasjonsavdelinga ved høgskulen, tlf. 55 95 94 80. Søknadsskjema er og tilgjengeleg på følgjande adresse http://www.nhh.no/adm/personal. Søknad med vedlegg skal sendast i 5 eksemplar til Norges Handelshøyskole, personal- og organisasjonsavdelinga, Helleveien 30, 5045 Bergen.
Søknaden merkes "stillingsnummer 006/2005"
Søknadsfrist 01.03.05
Tilsetjing i stipendiatstillingar i samarbeid med høgskular innanfor Norgesnettet kan og vere aktuelt.
|