Informasjons- og forskingsformidlar

Ved Norges Handelshøyskole (NHH) er det ledig stilling som informasjons- og forskingsformidlar. Stillinga er lagt til informasjonsavdelinga.

11.02.2005 - Afsoun Sabzian


Vi søkjer ein sjølvstendig, talefør og engasjert person med høg mediefagleg kompetanse. Vedkommande må kunne ta ansvar for oppgåver som:

• Formidling mellom journalistar og fagstaben ved NHH
• Støtte fagstab og leiing ved NHH ved tunge faglege arrangement
• Mediefagleg rådgjeving
• Koordinere mediearbeid som t.d. NRK-debattane
• Delta i vidareutviklinga av NHH Alumni og dei tenestene høgskulen skal tilby sine framtidige kandidatar i samarbeid med alumni, faglege og administrative einingar og studentforeningane
• Andre informasjons- og formidlingsrelaterte oppgåver

Innhaldet i stillinga kan bli endra over tid. Formidling og informasjon er eit satsingsområde ved NHH og vi kan love utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt miljø.

Vi ønskjer at vedkommande har:
• solid mediefagleg bakgrunn eller røynsle
• evne til samarbeid og til å jobbe i team
• gode framstillingsevner
• fleksibel innstilling og er sjølvstendig og initiativrik

For stillinga er det naudsynt med høgare utdanning (tilsvarande bachelor eller høgare), gjerne innan økonomiske fagområde. Erfaring med IT-løysingar som til dømes elektroniske nettverk, databasar og publiseringsverktøy er ein fordel.

Det er også ønskjeleg med gode språklege kunnskapar i norsk (nynorsk og bokmål), engelsk og eventuelt andre framandspråk. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Stillinga vert løna etter staten sitt regulativ som 1408 førstekonsulent i ltr. 36 - 45, avhengig av kvalifikasjonar. Høgare løn kan bli vurdert for særs kvalifiserte søkjarar. Frå løna vil det bli trekt to prosent som innskot i Statens Pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstyrken skal så langt som råd spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje.

Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å venda deg til informasjonssjef Asle Haukaas, e-post: Asle.Haukaas@nhh.no.

Søknad vedlagt CV og utfylt skjema for utvida søkarliste skal sendast til Norges Handelshøyskole, personal- og organisasjonsavdelinga, Helleveien 30, 5045 Bergen, innan 26.2.05. Søknaden skal merkast med stillingsnummer 007/2005.

Skjema for utvida søkarliste er å finne på følgande internettadresse: http://www.nhh.no/adm/personal/. Skjema kan du også få ved å venda deg til personal- og organisasjonsavdelinga på tlf. 55 95 96 39.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive