Vedtak frå styremøtet
Styret handsama torsdag mellom anna budsjett, byggeplanar og organisering av etter- og vidareutdanninga. Pedagogisk opplæring av tilsette og resultatkrav for administrerande direktør vart vedtatt.
29.10.2004 - Asle Haukaas
Styret ønskjer større budsjettmessig handlingsrom når dei skal fatte den endelege fordelinga av rammebudsjettet for 2005 i desember. Direktør fekk pålegg om å gå ein runde med alle institutt og avdelingar for å vurdere moglege innsparingar eller flytting av oppgåver innafor rammene ein har i dag. Dette betyr at ein til styremøtet i desember førebur ein budsjettsak der ein vil prøve å heve handlingsrommet frå dei 4,8 millionane som det var framlegg om no.
Den økonomiske ståa for høgskulen vert vurdert som god i tertialrapporten med gledeleg gode bidrag frå etter- og vidareutdanninga. Med omsyn til statsbudsjettet for neste år er ein stort sett nøgd, men likevel kritisk til at Regjeringa bryt med prinsippa for det nye finansieringssystemet. Det siste gjeld framlegget om å ta bort 4000 studieplassar i landet, noko som tilsvarer den samla produksjonsauken i sektoren. For NHH gjeld dette 56 studieplasser eller 2,2 millionar på heilårsbasis. Styret diskuterte kor godt NHH er budd på at forskingsinnsatsen påvirkar budsjettmodellen og at ei tilsvarande ordning vil kome innan formidling.
Framdrift i byggeplanane
Styret er godt nøgd med at det er framdrift i arbeidet med nybygg Høgskulen har inngått avtale med Statsbygg om utgreiing av tomta i samband med at leigekontrakten for Merinobygget går ut i 2010. Det er von om at første byggetrinn vil stå klart våren 2007 med omlag 3000 kvadratmeter fordelt på instituttareal, undervisingsrom og personalkantine.
Etter- og videreutdanning
Eit utval såg i vår på organisering av etter- og vidareutdanninga. Styret vedtok å oppretthalde den noverande tilknyttingsforma for etter- og vidareutdanninga på høgskulen, dvs at ein ikkje etablerer det på utsida i form av aksjeselskap eller liknande, og påla direktøren å avklare organiseringa av verksemda administrativt. Styret vedtok sist å opprette eit eige programutval for etter- og vidareutdanning på masternivå.
Pedagogisk opplæring
Styret vedtok at ei arbeidsgruppe skal vurdere framlegg til systematisk pedagogisk opplæring av tilsette i undervisings- og forskarstillingar. Det blir enkelt sagt obligatorisk for nytilsette, overgangsordningar for dei med kort tilsettingstid og frivillig for dei som har vore her ei god stund. Det er òg tanken å sjå om det trengs retningsliner for vurdering av pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetting.
Professorkode for fagleg leiing
Styret oversendte høyringsfråsegnene om professorat for fagleg leiing til Tilsettingsutvalet. Ettter ei samla vurdering av spørsmåla i denne saka, vil Tilsettingsutvalet komme tilbake til styret med eit framlegg.
Resultatkrav for direktøren
Styret vedtok resultatkrav for administrerande direktør basert på medarbeidarsamtale mellom rektor og direktør. Kort sagt er resultatkrav 2004-05 er knytt til strategiprogrammet, NOKUT-evalueringa i 2005, intern ressursallokering og nybygg. Resultatkrava skal godkjennast av departementet.
|