Stort ansvar
Forskarane har eit stort ansvar i verda i dag. Det meiner Holbergprisvinnaren Julia Kristeva som denne veka kjem til Bergen.
30.11.2004 - Stig Nøra
- Universitetsmiljøa legg veldig ofte ansvaret for marginaliseringa av dei intellektuelle på media eller politikken. Det er rett, men samstundes ligg det eit stort ansvar på forskarane og dei intellektuelle sjølve.
- Vi må klare å omsetje utan å redusere eller kompromittere, seier Kristeva til På Høyden.
Fredag 3. desember mottar ho Holbergprisen. Dagen før blir det ope seminar og debatt ved UiB.
Les meir i På Høyden
|