Er du kreativ?

- Då er du sannsynligvis fødd som mellomste i syskenflokken, sa professor Mark A. Runco frå California State University under seminaret Creativity research: The state of the art på Institutt for strategi og leiing fredag.

23.02.2004 - Frode Martin Nordvik


-Dei mellomste i syskenflokken er som regel meir rebelske og kreative enn sine sysken, sa Runco.
-Men kva dersom det berre er to born i familien?, repliserte Astrid Kaufmann. Det vart ein fin diskusjon rundt temaet kreativitet, og årsakene til den, under fredagens seminar. Geir Kaufmann hadde henta Mark Runco frå California State University til Noreg for å halde seminar, og fagstaben ved instituttet såg ut til å være nøgde med seminaret.

Ope sinn
- Kreative idear kjem ofte når ein assosierer. Men dei aller beste ideane er dei siste og mest radikale assosiasjonane, fortalde Runco. Han meiner organisasjonar må ta godt vare på sine kreative ressursar og ikkje minst gje dei tid til vere kreative. Er sjefen din tolerant og har eit ope sinn har ein også lettare for å være kreativ som medarbeidar.
- Men kva er kreativitet? Er Grandiosa Mild Taco ei kreativ oppfinning?, lurte ein.
- Det er vel i beste fall ei vidareutvikling, svara ein annan. Diskusjonen rundt kva kreativitet eigentleg er var noko av det som engasjerte deltakarane frå instituttet.

Aktuelt for alle
- Studier i kreativitet vert stadig meir aktuelt. Kreativitet er avgjerande for innovasjon og nyskaping i organisasjonar, kommenterte Geir Kaufmann etter seminaret. Han presiserte at dette er noko som er aktuelt for alle fagområde ved høgskulen.
- Kunnskap og idear er vesentleg kapital for ein organisasjon. Det handlar om å komme framfor utviklinga, og for organisasjonar er dette sjølvsagt viktig, sa Geir Kaufmann.
-Foredraget var eksellent!, sa ei begeistra Astrid Kaufmann etterpå.

Mark A. Runco fra California State University snakka fredag om kreativitet ved Institutt for strategi og leiing.

KLIKK PÅ BILDET FOR STØRRE UTGAVE


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive