Første millionen i boks ved SFF

Senter for fagspråkforsking (SFF) har i desse dagar passert ein viktig symbolsk milepåle. Samlinga av elektronisk tekst i KB-N-prosjektet har passert 1 million ord - fordelt over 150 dokument på norsk og engelsk.

02.12.2004 - Stig Nöra


Kvart dokument er koda etter den såkalla XML-standarden og lagt inn i ein søkbar tekstdatabase.

- Teksten kan dermed fungera som forskings- og dokumentasjonsgrunnlag for studiar av økonomspråket, der viktige faguttrykk blir identifiserte og definerte før innlegging i den tilhøyrande termdatabasen, seier prosjektleiar Magnar Brekke ved KB-N-prosjektet.

Krumtappen i arbeidet med tekstkoding og termregistrering er forskar Kai Innselset, og termdatabasen nærmar seg no 1700 oppslagsord, med hovudtyngda innan samfunnsøkonomi og rekneskap.

Det første driftsåret for KB-N-prosjektet er snart omme, og mykje av innsatsen har vore retta mot etablering og utprøving av den elektroniske infrastrukturen i nært samarbeid med Aksis-senteret ved UiB. I botnen ligg ein Oracle-database, medan brukar-grensesnittet er basert på Windows.

Jaktar på parallelltekstar
- Me har arbeidd med kartlegging av økonomisk-administrative fagområde gjennom intervju med mange NHH-medarbeidarar. I prosjektet prioriterer me kvalitet over kvantitet, og det er ennå langt fram til det målet me har sett oss for dei komande to åra når det gjeld omfang av både tekstsamling og termoppslag, seier Brekke.

Det er viktig å få tak i gode fagtekstar som har parallelle versjonar på norsk og engelsk, som oftast ved at den eine er ei omsetting av den andre, og Brekke vil gjerne høyra frå fagfolk som kjenner til slike parallelltekstar.

Arbeidet i dei næraste månadene vil bli fokusert på fagområda rekneskap og revisjon.

Meir informasjon på www.nhh.no/fsk/sff/kbn/


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive