Øl og metall i stressless
- I dag skal det handle om øl, stressless og metall. Slik innleia Knut Olsen NRK-debatten frå aulaen laurdag kveld. På eit brett serverte han øldebattantar frå Stavanger og Ringnes, arbeidskarar- og kvinner frå Årdal og herrar som wonderboy Trygve Hegnar, stortingsrepresentant Hallgeir Langeland og tidlegare bryggeriarbeidar Per Kristian Foss. Jens Petter Ekornes vart intervjua i eigen stressless.
11.11.2003 - Asle Haukaas
- Eg er slett ikkje sikker på at Norsk Hydro skjønar kva for ein kompetanse dei misser når selskapet avviklar aluminiumsverka i Årdal og Høyanger, sa møbelfabrikanten. Ekornes satt innlegga til Foss og Hegnar i perspektiv ved å stille spørsmål ved lønsemda i å flytte norske bedrifter utanlands. Vinsten av å flytte ut er i beste fall kortsiktig, og truleg ikkje reell i det heile for kompetanseavhengige bedrifter.
- Verdas beste stad
- Eg har brukt 30 år på å byggje opp kompetansen i Sykkylven til det den er no: verdas beste stad å produsere møblane våre. Eg er ikkje interessert i å bruke nye 30 år på å starte på nytt i til dømes Latvia. Ikkje trur eg det er mogleg heller, sa Ekornes, og synte til dei som flytta verksemda si til Portugal når landet vart medlem av EU. Portugal nærma seg prisnivået i EU raskare enn nokon hadde rekna med, og vinninga vart borte.
Trygve Hegnar sa seg samd med Ekornes, som han utropa til å ha den mest lønsame bedrifta i Noreg med 20 prosent avkasting. Arbeidarane frå Årdal sa då at planane for investering i heimbygda tilseier avkasting på 22 prosent, burde ikkje Hydro vere nøgd med det? Hegnar kunne ikkje svare på det, men gav arbeidarane rett i at det er merkeleg at staten eig over 40 prosent av Hydro utan å ha ei meining om sentrale spørsmålet for selskapet. Slik fekk hovudtillitsvald for Norsk Kjemisk i Årdal, Odd Semstrøm, støtte for sin kritikk av finansministeren for at regjeringa ikkje gjer nytte av eigarskapet i Hydro. Ikkje overraskande nekta Foss og Hegnar å leggje seg opp i prioriteringane til Hydro.
- Det er bortkasta å skjelle ut leiinga i Hydro. Bruk heller energien dykkar på omstilling til å skape nye arbeidsplassar, sa Foss. Hans referansar til omstilling av industristadar som Mo i Rana og Kongsberg vart møtt med at ei liknande omstilling i Oslo, som det dei står overfor i Årdal, vil omfatta 124 000 arbeidsplassar.
Hansa neste?
Den andre hovuddebatten var om øl og særleg nedlegginga av Tou-bryggeri i Stavanger. Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland (SV) blei kritisert av Ringnesleiinga for å ha leia ein Ringnes-boykot på Stortinget. Langeland slo tilbake og åtvara bergensarane om at Hansa-ølet kan vere det neste som forsvinn om bergensarane ikkje føl med. Lauritz Hansen frå nystarta Lervig Aktiebryggeri i Stavanger sa at Noreg vil bli eit grått land om alt øl blir produsert same staden og smakar likt.
Underholdninga i laurdagens Brød og Sirkus var mellom anna eit flott potpurri om norsk næringsliv av Sangria, songar av nykommaren Karin Park, innslag frå Direksjonsmusikken og komikarane Claus og Cato. Dei to sistnemnde hadde ein slåande og engasjerande parodi på Idol-Kurt. Neste NRK-debatt frå aulaen blir laurdag 17. januar. Då vonar me på enno større publikum i det som i følgje programleiar Knut Olsen er Noregs beste debattlokale.
- No er vi heime. Det er her i aulaen på NHH vi skal være. Her skal vi lage the best Brød og Sirkus ever, sa Knut Olsen då han kom til NHH for å leie NRK-debatten Ja, vi selger dette landet som vi byr oss frem. Foto: Marita Aarekol/BT
|