Epost frå Yahoo, AOL og Hotmail vert stoppa

Til liks med resten av verda har NHH dei siste dagane opplevd ein enormt stor pågang med uønska epost (spam). Mengda har i periodar vore så stor at filtera som skal halda slik uønska epost ute får problem, og reagerer med å stoppa all epost. IT-avdelingen har jobba hardt med å finna ei løysing, og har no bestemt seg for å mellombels stoppa all epost frå dei mest utsette domena: yahoo.com, aol.com og hotmail.

07.11.2003 - Kenneth Gravdal


Dette avlastar spam-filteret så mykje at normal epost slepp gjennom. Samstundes vert det jobba med å auka kapasiteten på spam-filteret.
IT-avdelingen ber om forståing for dei problema utestenginga kan medføra, men i valet mellom to ulemper må den løysinga som er til beste for flest veljast. I ein overgangsperiode kan det komma litt meir spam enn vanleg, men dette skal vera av forbigåande karakter


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive