Hektisk for Internasjonalt kontor
Internasjonalt kontor har nettopp ferdigbehandla 17 CEMS-søknader. No ventar 140 utvekslingsynskje.
05.03.2003 - Kristian R. Andersen
20. februar hadde Internasjonalt kontor behandla 17 CEMS-søknadar. Studentane har fått tilbod om plassar i Spania, Frankrike, Italia, England, Nederland, Tyskland og Østerrike.
- Alle CEMS-søkjarane ble intervjua. Dette pågjekk over to dagar, seier Siren Høgtun ved Internasjonalt kontor.
Intervjua blei utførd av eit solid panel: CEMS-styremedlem og professor ved NHH, Rolf Jens Brunstad, samt John Andersen, Nina Hagen og Siren Høgtun ved Internasjonalt kontor - fekk og god hjelp frå Norsk Hydro (CEMS bedriftspartner); Caroline Duyckaerts og Kjerstin Skeidsvoll Lange.
Fire av dei 17 søkjarane byrjar ikkje på CEMS før hausten 2004, så for haust 2003 og vår 2004 er det totalt 13 som skal ut eit halvår.
Sjøv om CEMS-søknadane no er ferdigbehandla, ventar nye oppgåver: 140 3. avdelings og HAS-studentar har søkt om utveksling for kommande semeister.
- 31. mars føreligg resultatet av desse søknadane, seier Høgtun.
|