Skrivarvennlege nettsider

Det er no komme eit lite printersymbol oppe til høgre på dei fleste nettsidene til NHH. Ved å trykka på dette symbolet vil du få opp ein skrivarvennleg versjon av nettsida, der menyen på venstre side er fjerna.

13.05.2003 - Anette W. Petersen


Det er webmaster Kenneth Gravdal som fortel dette.
- Mange har etterlyst ein slik funksjon på NHH sine sider, og me har tidlegare forklart korleis webinnleggarane kunne laga sider som er skrivarvennlege. Framgangsmåten var dessverre litt for komplisert, og dei færraste tok seg bryet seg med å gjera det.

No har Gravdal altså gjort det slik at dette vert ordna på serveren, utan at den som lagar sida treng å føreta seg noko anna enn å inkludera standard topp og botn.

Det krev litt meir arbeid å få laga skrivarvennlege versjonar av dei sidene som enno ikkje har fått funksjonen, men Gravdal lovar at det kjem med tid og stunder.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive