No vert søppelposten stoppa
IT-avdelingen har no sett i drift eit system som greier å stoppa storparten av den uønska eposten (spam) som NHH dagleg vert bombardert med.
20.06.2003 - Kenneth Gravdal
Både tilsette og studentar ved NHH har i lengre tid irritert seg over den stadig aukande mengda med uønska reklame-epost som har fylt opp inn-boksen kvar einaste dag. Spesielt det siste året har problemet auka i omfang.
Etter å ha testa litt ulike system er IT-avdelingen no kommen fram til ei løysing som stoppar storparten av uvesenet. Systemet baserer seg på ei automatisk testing av all innkommande post, både på avsendar, tittel og innhald i eposten. Basert på ei rekke kriterier vert det gjort ei vurdering av eposten for å avgjera om dette er spam eller ikkje. I tillegg vert eposten sendt gjennom to ulike virusfilter for å fjerna virus og trojanske hestar.
- Filtera stoppar 3-4000 epostar kvar dag, fortel Kristian Øpstad på IT-avdelingen. Likevel må folk rekna med at ei og anna spam-melding slepp gjennom. Me sette heilt i førstninga kriteria for kva som var spam litt for lågt, men opplevde då at også ordinær epost vart stoppa. Difor måtte me lempa litt på reglane.
Om nokon skulle vera redde for å gå glipp av epost på grunn av filtera så har dei liten grunn til det. For det første vil avsendar få ei tilbakemelding dersom ein epost vert stoppa. Om vedkommande tek kontakt med NHH, vil det kunna lagast opningar for denne avsendaren. All stoppa epost vert halden i karantene i ei veke før han vert sletta.
Det vil dessutan vera mogleg å reservera seg heilt mot at eposten din vert sendt via spam-filtera. Om du ønskjer ei slik ordning kan du senda ein melding til postmaster@nhh.no. Kontakt same adresse dersom du mistenker at det ligg epost til deg i karantene.
|