Automatisk oppdatering av PCane på NHH
For at Windows skal vera eit sikkert operativsystem er det viktig at systemet vert oppdatert. Microsoft lanserer fleire oppdateringar kvar einaste månad, og frå no av vert desse automatisk lagt inn på NHH sine PCar.
24.06.2003 - Kenneth Gravdal
Alle NHH sine PCar som er innmeldt i domenet Valuta vil natt til den første tysdagen i månaden automatisk verta oppdatert med dei siste endringane frå Microsoft. Dette gjeld sjølve windows-operativsystemet, samt programma i office-pakken.
Filene som trengst til oppdateringa vert sendt ut til maskinen via nettverket så snart me har motteke dei, men sjølve oppdateringa skjer først ved omstart av PC-en.
IT-avdelingen bed difor om at du gjer det som ein vane å boota (skru av og på) maskinen ein gong kvar veke slik at du har ein mest mogeleg oppdatert maskin. Har du ikkje gjort dette sjølv blir maskinen automatisk reboota natt til den første tysdagen i månaden.
Skal du installera ny programvare sjølv er det viktig at du alltid rebootar maskinen før du startar installeringa, slik at alle systemoppdateringar er på plass.
Brukarar som har maskinar som ikkje er med i valuta-domenet har sjølve ansvar for å køyra windows update med jamne mellomrom.
IT-avdelingen presiserer at annan programvare på maskinen ikkje vert råka av desse oppdateringane.
|