NHH-redaktør i Studvest
Når årets første eksemplar av Studvest kjem ut i dag er det med ein NHH-student i redaktør-stolen. - Det er ikkje akkurat kvardagskost, seier den ferske redaktøren Grunde Grimstad.
21.01.2003 - Anette W. Petersen
- Det er faktisk fyrste gongen sidan Matz Sandman var redaktør i 1971-72, kan Grimstad fortelje. Sjølv har han no berre tredje avdeling igjen før han kan titulere seg som siviløkonom. 29-åringen frå Hareid på Sunnmøre kapra redaktør-jobben etter to år som både kultur- og nyhendejournalist i Studvest.
- Mine kunnskapar om leiing og organisasjon kjem nok godt med, i tillegg til journalistisk erfaring, trur Grimstad.
Studvest er eit forum for studentar i Bergen generelt, og ved Universitetet spesielt. Med sitt opplag på 7000 kvar onsdag er Studvest Bergen si største studentavis.
- Hovudvekta av redaksjonen er universitetsstudentar frå SV- eller HF-fakultetet, seier Grunde Grimstad. Miljø som ikkje er heilt framande for ham etter studiar på fransk, realfag og ved Lærarakademiet. Dette året legg han imidlertid studia på hylla for å vie seg fullt til Studvest. Som ansvarleg redaktør skal han holde styr på ein redaksjon som teller omlag 38-40 journalistar og fotografar. I tillegg til Grunde Grimstad jobba også redaktørane for nyhende-, kultur- og foto på heiltid. På lønningslista står også fire "brekkarar", annonseselgjar og dataansvarlig.
|
 |
Grunde Grimstad er første NHH-redaktør i Studvest siden tidlig på 70-tallet
|