Småbruket treng ny kasserar

Hyttestyret melder at plassen som kasserar for Småbruket er ledig.

06.02.2003 - Anette W. Petersen


I samband med det føreståande årsmøtet for Småbruket, har den samvitsfulle kasseraren gjennom mange år, Wenche Mørch, signalisert at ho ønskjer å gå ut av styret.
- Wenche har hatt sete i hyttestyret i to periodar, heile tida som kasserar. Først 1984 - 1990, og så 1995 - 2003, i alt 14 år, fortel hyttestyrets leiar Michael B. Hageberg. - Hyttestyret vil gjerne her få nytte høvet til å takke Wenche for den store innsatsen ho har gjort for Småbruket gjennom alle desse åra. Ho har vore både ein humørspreiar og ein sakleg medspelar i drifta av hytta, og vi vil sakne henne i styret.

Styret for Småbruket må nå finne eit nytt medlem som også er villig til å ta over kasserarvervet etter Wenche. Oppgåvene vil være å krevje inn betaling frå brukarane, betale rekningar, føre rekneskapen, leggje fram årsrekneskap og utarbeide framlegg til budsjett med meire. Dersom du har lyst å gå inn i dette vervet, er det berre å ta kontakt, innan 13. februar, med Michael B. Hageberg (tlf. 59388).

Småbruket

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive