Bergensk fiskesuppe til CEMS-vennar
Måndag ettermiddag gjekk arrangementet CEMS Reception av stabelen i Personalkantina.
20.02.2003 - Anette W. Petersen
CEMS Reception er eit arrangement som blir avhalde kvart semester, der formålet er å samle dei ulike aktørane som er involverte i CEMS: norske og utanlandske CEMS-studentar, CEMS Alumni, bedrifter, fagstab og administrativ stab.
HR Manager Caroline Duyckaerts frå Norsk Hydro, som er Corporate Partner i CEMS, hadde ein kort presentasjon av selskapet. Norsk Hydro var på NHH måndag og tysdag for å intervjue kandidatar som har søkt opptak i CEMS-programmet.
|
 |
Bergensk fiskesuppe stod på menyen då CEMS-vennar var samla i Personalkantina
HR Manager Caroline Duyckaerts i Norsk Hydro i samtale med Harald Hauge frå CEMS Club Bergen
|