Institutt for språk med i NorFA-prosjekt
Institutt for språk deltek i eit fellesnordisk prosjekt, i regi av Nordisk forskerutdanningsakademi (NorFA), for å utvikle ein tverrspråkleg søkemaskin. Nyleg fekk arbeidet 600 000 kroner frå Nordisk Råd.
16.06.2002 - Per Arne Solend
Deltakarar i prosjektet er Universitetet i Vasa, Syddansk Universitet i Kolding, Universitetet i Bergen og Norges Handelshøyskole. Nordea-banken er med som næringslivspartnar.
- Formålet med prosjektet er å utvikle ei nettsøkemaskin der ein ut frå ulike leksikalske variantar av termar, kan finne att data på tvers av dei nordiske språka, seiar Magnar Brekke ved Institutt for språk. I fyrste omgang vil dette gjelde språka svensk, norsk og dansk. Søkjer ein på ein norsk term, vil ein altså også finne det tilsvarande svenske og danske ordet, som t.d. PC/datamaskin/dator/datamat. Det er den underliggjande kunnskapskomponenten som gjer at søkemaskinen vil kunna kobla saman termar med heilt ulik eller litt avvikande leksikalsk form. Datafangst skjer ved at ein nyttar kunnskapsteknologi til å trekke ut såkalla termkandidatar frå ein tekst. Deretter leitar ein etter omsetjingsekvivalenter, samt definisjonar og kva samanheng ordet pleier opptre i.
NHH sitt bidrag til prosjektet kjem gjennom prosjekt Terminøk, ein tekstbank/termbank over NHHs økonomisk-administrative fagspråk som er under utvikling. Og det er nettopp økonomisk fagspråk den nye søkemaskinen skal ta utgangspunkt i. Til dømes kan det vera til stor hjelp for bedrifter med avdelingar i fleire nordiske land å ha tilgang til eit slikt verktøy, og likeins vil den internasjonale språkteknologi-industrien kunna ha stor nytte av resultatet.
- Kvar for seg er dei nordiske landa for små til å drive eit slikt arbeid, og me oppnår med dette samarbeidet tydelege synergieffektar ved at kvar partnar bidrar med sin spesialkompetanse, seier Brekke.
Prosjektet som har fått 600 000 kroner fordelt over to år, har planlagt sitt fyrste av to nettverksmøte til sommaren. Det er og planlagt to workshop-samlingar.
|