Dei vanskelege vala
Høyskolerådet gav i går ikkje eintydige signal til kollegiet i form av vedtak eller resolusjonar, men i løpet av debatten kom det fram synspunkt på strategival som fleire kollegiemedlemmer merka seg.
06.06.2002 - Elin F. Styve
Møtet fortona seg mest som eit informasjonsmøte der spesielt 3+2 modellen, som skal avgjerast av Stortinget i dag, stod i sentrum. Etter 3+2-føringane frå politikarane er mykje av grunnlaget for ressursdebatten borte, fordi heile NHHs programportefølje må sjåast i et nytt lys.
Prematurt
- Det kan på mange måtar vera litt prematurt å fastsetja langsiktige rammer i ein såpass uoversiktleg situasjon, påpeika prorektor Lars Mathiesen. Strategiutvalet vil no be kollegiet om å setja ned ein strukturkomité til å foreslå løysingar innanfor 3+2-modellen. Ein ser også for seg eigne komitéar til å utgreia konkret innhald i programma.
3+2 vil kosta
Studiedirektør Kurt Petersen orienterte om departementet si tolking av implikasjonar av 3+2-modellen, og påpeika at det er forståing for at eit utvida studium vil kreva ein auke i pengetildelingane til NHH. Han sa også at det ser til at NHH ikkje vil ha høve til å gjera opptak til 5-årig utdanning. 3+2 inneber to sjølvstendige utdanningar, bachelor og master. Siviløkonomtittelen går i utgangspunktet formelt ut av vokabularet.
Vegval for NHH
NHHs fagstrategi var også ein viktig del av debatten, der mange synspunkt allereie er levert i form av høyringsutsegner. Usemja står om total kva som er god marknadstilpassing i høve til den stadig aukande konkurransen, på kva for nivå ressursane skal konsentrerast, og kva for fagprofil NHH skal satsa på. Dette har vore diskusjonstema i strategiutvalet, og vert også gjenstand for breid debatt i komande kollegiemøte.
|