Ledige stipendiatstillingar

Norges Handelshøyskole utlyser no ledige stipendiatstillingar.

12.09.2000 - Paraplyen


Det er ledige stillingar ved følgjande institutt:

Institutt for foretaksøkonomi (foretaksøkonomi, matematikk og statistikk)
Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap
Institutt for strategi og ledelse (markedsøkonomi, organisasjonsfag og informasjonsbehandling)
Institutt for samfunnsøkonomi (samfunnsøkonomi, økonomisk historie og geografi)
Institutt for språk

Høgskulen vil vurdere tilsetjing i samanheng med den aktuelle rekrutteringssituasjonen. Tilsetjing i delstilling kan vere aktuelt. Dersom søkjarane står tilnærma likt, vil kvinnelege søkjarar verte føretrekte.

Søkjarar må minst ha siviløkonomeksamen eller annan utdanning på tilsvarande nivå innan relevante fagområde. Personar som avsluttar studiet i inneverande semester kan og søkje. Det er ein føresetnad at dei som vert tilsett i stipendiatstilling, gjennomfører vidaregåande studiar med sikte på ein doktorgrad. Søknaden skal innehalde ein plan for studiane. Stipendiatar må delta i arbeidet ved det instituttet dei er knytt til, etter nærare avtale med instituttet. Pliktarbeidet utgjer 25% av stillingsbrøk.

Interesserte vil kunne få nærare opplysningar om stillingane og dei vidaregåande studiane ved å vende seg til instituttstyrarane. Det vert tilrådd å søkje rettleiing hjå faglærar ved høgskulen ved oppsetjing av plan for studiane. Kontakt kan eventuelt gjerast over tlf. 55 95 90 00.

Stillingane har stillingskode 1017 og vert løna i lstg 34. Frå løna vert trekt 2% til Statens Pensjonskasse. Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til personal- og organisasjonsavdelinga ved høgskulen, tlf. 55 95 94 06. Søknadsskjema og utlysingstekst er og tilgjengeleg på følgjande adresse: www.nhh.no/adm/personal/malerutlysingstillinger.htm.

Søknad vert å sende Norges Handelshøyskole, personal- og organisasjonsavdelinga, Helleveien 30, 5045 Bergen. Søknadsfrist 1. oktober 2000.

Tilsetjing i stipendiatstillingar i samarbeid med høgskular innanfor Norgesnettet kan og vere aktuelt. Informasjon og eige søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til personal- og organisasjonsavdelinga, tlf. 55 95 94 06.

Søknad om opptak ved høgare studiar må sendast separat. Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til studieadministrasjonen, tlf. 55 95 92 15 eller 55 95 92 12.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive