Chiles ambassade på NHH-besøk
Trond Bjørndal hadde nyleg møte med den chilenske ambassadøren, José Luis Balmaceda. Dei drøfta forskingsarbeid innan fiskeri og akvakultur, og vidare samarbeid om undervisning på høgare nivå.
28.11.2000 - Elin F. Styve
Den chilenske konsulen, Elena Bornand, var også med på møtet.
Ambassadøren er ny i Noreg, og vil gjerne verta kjend med norske institusjonar som arbeider med fiskeripolitiske tema. Det er stor interesse i Chile for samarbeid innan akvakultur på alle område, både med omsyn til forsking og undervisning.
Ambassadøren kom til Bergen for å besøka mellom anna UiB, Fiskeridirektoratet og Senter for fiskeriøkonomi ved NHH/SNF. Sistnemnde har også ein samarbeidsavtale med det chilenske fiskeriutviklingsinstituttet IFOP.
Aktuelle samarbeidsområde mellom Senter for fiskeriøkonomi og chilenske styresmakter kan til dømes vera marknadsanalysar for fiskeprodukt, i følge Bjørndal.
|