235 reiser ut

Dette skuleåret vinkar heile 235 NHH-studentar farvel til Bergen, og finn nye jaktmarker i utlandet. Ein ny rekord er sett i høgskulen sitt utvekslingsprogram.

13.11.2000 - Elin F. Styve


Auken i talet på utvekslingsplassar i utlandet, og spesielt i det populære Australia, gjer at fleire studentar får tilslag på søknaden om utveksling. Hovudopptaket for haust og vår 2000/2001 var i mars. I suppleringsopptaket som nettopp er avslutta fekk heile 52 av dei 79 som søkte, tilslag på førstevalet sitt. Det er eit spesielt høgt tall, noko dei tilsette ved Internasjonalt kontor er glade for.

- Studieåret 1999/2000 var det til saman 184 som reiste ut, så auken er stor. Studieåret 2000/2001 har vi fordelt 29 plassar i Australia, i motsetning til berre éin plass tidlegare, fortel førstekonsulent Nina Hagen.
125 NHH-studentar har allereie reist frå høgskulen i haust. Tilstrøyminga av utanlandske studentar til høgskulen er mindre, i haust er det komme 79 studenter.

Siren Høgtun, Nina Hagen og Cathrine Andersen Waage på Internasjonalt kontor tappar NHH for 3. avdelings-studenter, og sender dei utanlands

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive