Vidareutdanning: Vil ha alle med

- Utfordringa i kunnskapssamfunnet blir å få med flest mogleg, slik at ikkje nokon står att og ser på. Det ville vera sløsing med dei menneskelege ressursane, sa Ranveig Frøiland då ho besøkte NHH mandag.

23.05.2000 - Elin F. Styve


Frøiland, som no er leiar av kyrkje-, utdannings- og forskningskomitéen, var innleiar under ei samling for etterutdanningseiningane ved dei største norske utdanningsinstitusjonane. NHH er i år vertskap for den årlege konferansen. Ho snakka om etter- og vidareutdanningsreforma og kommenterte delar av Mjøsutvalget si innstilling.

I foredraget snakka ho varmt for desse framtidige endringane i norsk utdanning: Meir fleksibilitet og bruk av modulbasert undervisning, sterkare internasjonalisering av og konkurranse om kunnskap, IKT-basert undervisning, tettare samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og samfunnet, meir uklare grenseflater mellom grunn-, etter og vidareutdanning, og til sist høgare verdsetting av realkompetanse.

Vi treng eit kompetanseløft hos vaksne i alle aldrar. Vi må også fokusera meir på arbeidsplassen som læringsarena, sa Frøiland. Ho kom også i sitt innlegg inn på finansiering av utdanningssystemet, og la vekt på at dei statlege institusjonane må få gode nok rammevilkår til å kunna konkurrera med dei private tilboda.

- Mjøsutvalget har tatt til orde for at ein liten del av løyvingane skal følgja studentane - og berre bli utbetalt om studia blir gjennomførte på vanleg tid. Men vi må sikra at finansieringssystemet ikkje skapar for store svingingar og mangel på langsiktighet for institusjonane, og i for stor grad favoriserer billege og populære utdanningar.

Seksjonssjef ved NHHs etter- og videreutdanning, Elisabeth Løvenholm, samlar trådane under arrangementet, som går over to dagar. Fleire andre innleiarar har ordet i løpet av dei to konferansedagane, blant andre Victor D. Norman, Paul Gooderham, Kurt Petersen, Gunnar Christensen (alle fra NHH), Jennifer Akselsen (UNIVETT) og Jan Tore Gjendem (NTNU).

Stortingsrepresentant Ranveig Frøiland (t.v.) saman med seksonssjef for NHHs etter og vidareutdanning, Eisabeth Løvenholm

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive