Får 500 000 til etterutdanning
NHH får ei gåve på 500 000 kroner frå Sparebank 1 Vest. Pengane skal brukast på etterutdanningsprogramma.
05.05.2000 - Elin F. Styve
Det er banken sitt fond for allmennyttige føremål som har bestemt seg for å gje ei pengegåve til NHH som bidrag til utvikling av etterutdanningsprogramma. Grunngjevinga er at NHH er landets leiande høgskule, og lokalisert i Bergen.
Andre mottakarar av pengar frå fondet er Redningsselskapet i Hordaland, Stenersens Samling, Lions Club og Opera Nordfjord, for å namna nokre.
|