NHH på kontaktkonferanse for universitetssektoren
Ragnar Fagereng og Per Ivar Gjærum er NHHs representantar på KUFs kontaktkonferanse for universitet og høgskular i Oslo denne veka.
18.01.2000 - Elin F. Styve
På kontaktkonferansen 18. og 19. januar er Kristin Clemet, Hilde Frafjord Johnson og Jon Lilletun er sentrale namn.
Viseadm. direktør i NHO Kristin Clemet vil i sitt foredrag særskilt sjå på forholdet mellom universitets- og høgskolesektoren og næringslivet. Statsråd Hilde Frafjord Johnson har sett som tittel på sitt foredrag: "Styrking av utdanning og forskning i utviklingssamarbeidet: En lønnsom utvikling".
Statsråd Jon Lilletun sitt foredrag handlar om utfordringar etter forskingsmeldinga, i følge ei pressemelding frå KUF.
|