Tilbod om heimeidata for NHH-tilsette

No får alle ved NHH tilbod om leige av heime-pc eller mac ved hjelp av bruttolønstrekk. Den billegaste pc-varianten kjem på 385 kroner i bruttolønstrekk i 36 månader.

21.02.2000 - Elin F. Styve


Tre pakker vert tilbydd; to stasjonære maskiner og ein bærbar. Det same gjeld Macintosh-maskinene.

- Avtalen er svært god, vurdert ut frå avbetalingskriteriene, seier IT-konsulent Kenneth Gravdal (biletet). Han fortel at det er Universitetet i Bergen som har forhandla fram avtalen, og at forhandlingane tok tid fordi UiB stilte harde krav til leverandøren. Resultatet er ein god avtale som NHH har tilpassa til sine tilsette. Tilbodet går no ut til kvar enkelt, og svarfristen er 10. mars.

Internett via NHH
Dei som leiger pc kan knytta seg opp mot arbeidsplassen, og ha tilgang på filane hjå NHH. Også internett vert tilgjengeleg via arbeidsplassen, så eige internettabonnement er ikkje naudsynt. Det er ingen restriksjonar på bruken av maskina eller internetttilknytninga via NHH.

Opsjonar
Det er høve til ei rekkje opsjonsval i samband med tinging av mac eller pc, og skrivar er ein av dei tinga ein må kjøpa utanom. I tilbodslista ligg det alternativ å velja mellom.

Skattetrekk
- For dei som ikkje vil eller kan kjøpa ein maskin kontant i dag, er dette ei god løysing. Vanlege avbetalingsordningar har ein svært høg rentesats i motsetnad til denne. Slike bedriftstilbod har i det siste blitt populære på grunn av høvet til bruttolønstrekk og dermed skattesparing. Men ein taper også litt feriepengar på det, og for enkelte kan det også bety tap av nokre pensjonspoeng, seier Kenneth Gravdal.

Eit raskt overslag viser at ein kan få om lag 500 kroner mindre i feriepengar dei tre åra nedbetalinga pågår, og om lag 140 kroner i månaden i skattelette. I reknestykket på den billegaste maskina viser det seg at netto kostnad pr. månad kjem på om lag 250 kroner for dei fleste. Etter at dei 36 månadene er gått, kan ein levera maskina tilbake til leverandøren, eller kjøpa den til odel og eige for rundt ein tusenlapp eller mindre.

Forsikring inkludert
I tilbodet som no vert distribuert til dei tilsette går det fram at den nest dyraste varianten av pc, ei multimedia-pakke, kjem på 345 kroner månaden etter skatt. Den dyraste - ei bærbar pc-pakke, kostar 430 kroner månaden etter skatt. I dette er også forsikring inkludert i nedbetalingsprioden, for kundar under 59 år.

For å kobla seg opp mot NHH og mot internett må ein ha modem (høyrer med i standardpakka) eller ISDN. ISDN skal medføra kortare oppkoblingstid, men den er ikkje påfallande mykje kortare enn med vanleg analog telefon. Dessutan er ISDN svært var for tordenvær. Derimot ser både modem og ISDN ut til å kunna bli erstatta av tilbodet om radiotilkobling mot nettet. Dette er ikkje tilgjengeleg for NHH sin del enno, men tilbodet vil koma i løpet av året.

Fullstendig skildring av tilbodet, prisar, innhald og vilkår kan lastast ned ved å klikka her.
Denne og neste veke er leverandøren DELL tilgjengelege for spørsmål om tekniske spesifikasjonar denne ordninga: Telefon: 67 11 68 21 (kl. 10-14).


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive