Stipendiatstillingar - Norgesnettet

Ved Norges Handelshøyskole er det ledig stipendiatstillingar for doktorgradsutdanning i samarbeid med høgskular innanfor Norgesnettet.

02.02.2000 - Paraplyen


Samarbeidet er konsentrert om høgskular som har fagleg tyngde i økonomisk-administrative fag.

Det er ein føresetnad at stipendiatane har forankring i doktorgradsprogrammet ved NHH innan eit av fagområda administrasjon, bedriftsøkonomisk analyse eller samfunnsøkonomi. Arbeidsplass og rettleiing kan gjevast ved NHH, eller eventuelt heilt eller delvis ved den lokale høgskulen etter nærare avtale.

Tilsetjing skjer på grunnlag av kvalifikasjonar, og føreset tilråding frå den institusjonen søkjaren er knytt til. Tilsetjingsperioden er inntil fire år med 25% pliktarbeid. Dersom søkjarane står tilnærma likt, vil kvinnelege søkjarar verte føretrekte.

Stipendiatstillingar vert løna i lstg. 32-34.

Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til høgskulen på tlf. 55 95 94 06. Søknad vert sendt Norges Handelshøyskole, Personal- og organisasjonsavdelinga, Helleveien 30, 5045 Bergen.

Søknadsfrist er 01.03.2000.

Søknad om opptak ved høgare studiar må sendast separat. Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til studieadministrasjonen, tlf. 55 95 92 00 eller 55 95 92 12.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive