Ledige stipendiatstillingar

Ved Norges Handelshøyskole er det no ledige stipendiatstillingar.

01.02.2000 - Paraplyen


Ved desse institutta kan ein søkja om stipendiatstilling:
- Institutt for foretaksøkonomi (foretaksøkonomi, matematikk og statistikk)
- Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap
- Institutt for strategi og ledelse (markedsøkonomi, organisasjonsfag og informasjonsbehandling)
- Institutt for samfunnsøkonomi (samfunnsøkonomi, økonomisk historie og geografi)
- Institutt for språk

Høgskulen vil vurdere tilsetjing i samanheng med den aktuelle rekrutteringssituasjonen. Tilsetjing i delstilling kan vere aktuelt. Dersom søkjarane står tilnærma likt, vil kvinnelege søkjarar verte føretrekte.

Søkjarar må minst ha siviløkonomeksamen eller annan utdanning på tilsvarande nivå innan relevante fagområde. Personar som avsluttar studiet i inneverande semester kan og søkje. Det er ein føresetnad at dei som vert tilsett i stipendiatstilling gjennomfører vidaregåande studier med sikte på ein doktorgrad. Søknaden skal innehalde ein plan for studiene. Stipendiatar må delta i arbeidet ved det instituttet dei er knytt til, etter nærare avtale med instituttet. Pliktarbeidet utgjer 25% av stillingsbrøk.

Interesserte vil kunne få nærare opplysningar om stillingane og dei vidaregåande studiene ved å vende seg til instituttstyrarane. Det vert tilrådd å søkje rettleiing hjå faglærar ved høgskulen ved oppsetjing av plan for studiene.

Stillingane har stillingskode 1017 og vert løna i lstg 32-34. Frå løna vert trekt 2% til Statens Pensjonskasse. Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til personal- og organisasjonsavdelinga ved høgskulen, tlf. 55 95 94 06. Søknad vert å sende Norges Handelshøyskole, Personal- og organisasjonsavdelinga, Helleveien 30, 5045 Bergen. Søknadsfrist 01.03.00.

Søknadsskjema på nettet
Stipendiatstillingar - Norgesnettet

Søknad om opptak ved høgare studier må sendast separat. Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til studieadministrasjonen, tlf. 55 95 92 00 eller 55 95 92 12.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive