Ferske fakta om rikets forskingstilstand

Norges forskningsråd har no lagt ut ein ny rapport om forsking og innovasjon i Noreg.

03.02.2000 - Elin F. Styve


Rapporten gjev eit rikt tilfang av statistikk og indikatorar blant anna når det gjeld investeringar i FoU og innovasjon, menneskelege ressursar og resultata av desse investeringane. Den presenterer også utviklinga over tid og viser situasjonen i Noreg i eit internasjonalt perspektiv. I tillegg er det fleire artiklar om sentrale forskingspolitiske tema som er meint til å inspirera, stimulera og kanskje heva kvaliteten på den forskingspolitiske debatten i Noreg.

Rapporten er den andre som vert gjeven ut av Norges forskningsråd annakvart år for å styrka kunnskapsgrunnlaget om norsk forskings- og innovasjonsverksemd.

Papireksemplar av rapporten kan tingast hjå biblioteket i Norges forskningsråd, telefaksnr. 800 83 001.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive