BI har leiinga
Stafettløparane passerte Gol i 1300-tida, og NHH ligg om lag 19 minutt etter BI. Likevel er stafettkomitéen fast bestemt på at det er BI som skal få bada i Vågen i morgon.
27.04.2000 - Elin F. Styve
- Vi rekna med å blir liggjande litt etter i byrjinga, fordi BI bruker sine beste løparar i starten, og vi sparer våre beste til avslutningsfasen. Siste del i av i dag har vi holde godt tritt, seier informasjonsansvarleg frå NHH, Hilde Nordal. Ho seier dei også reknar med å ta inn 15 minutt i morgon, fredag, og halda konkurransen jamn.
Stemninga er god og humøret på topp blant deltakarar og supportarar, men Nordal beklagar seg litt over BI sine supportarar som ho meiner "psyker ned" NHH-løparane frå pesebilane sine.
- Dårlig sportsånd, som vi vil ta opp med dei under oppsummeringa, seier ho.
Stafetten vert avslutta om lag klokka 1730 fredag ettermiddag, med målgang ved Den blå steinen. Og då skal BIs stafettleiar i vatnet, har Nordal bestemt. Paraplyen kjem med rapport om utfallet seinare.
|
|
|