90 ekstramillionar til forsking i 2000
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sitt framlegg til budsjett for 2000 er på 38,3 milliardar kroner, ein auke på 4,3 prosent i høve til vedtatt budsjett for 1999.
04.10.1999 - Elin F. Styve
Deabatten om statsbudsjettet er allereie i full gang. For vår sektor kjem det fram at regjeringa vil satsa på forskning, og dette seier KUF i si pressemelding:
- Regjeringa ønskjer å styrkje forskinga, mellom anna ved å dele ut den første avkastninga frå forskingsfondet på 90 millioner kroner i 2000.
Regjeringa tek sikte på å auke fondskapitalen med 1 milliard kroner i løpet av neste år. Det blir foreslått å løyve 180 mill. kroner til kompetanserforma, og 225 millionar kroner til ein tiltakspakke for skulen. I budsjettet ligg det óg framlegg om omfordeling og kutt i talet på studieplassar.
Satsing på forsking
Dei samla forskingsløyvingane vil etter regjeringa sitt framlegg utgjere 9,8 milliardar kroner, ein auke på vel 650 mill. kroner i forhold til vedtatt budsjett for 1999. Regjeringa sitt mål for forskingsinnsatsen er at Noreg i løpet av fem år skal kome på linje med gjennomsnittet i OECD-landa målt som del av BNP. Regjeringa vil i dei årlege statsbudsjetta vurdere storleiken på forskingsfondet i lys av St. meld. nr. 39 (1998-99) "Forskning ved et tidsskille", og tek sikte på å styrkje fondet med 1 milliard kroner i løpet av 2000, ein auke på ein tredel. Løyvingane til forsking over KUF sitt budsjett vil samla auke med om lag 8,5 prosent, til nærare 4,8 milliardar kroner. Auken vil mellom anna omfatte avkastning frå forskingsfondet på 90 millionar kroner, etablering av eit senter for framifrå forsking på Fornebu, utstyr til realfagbygget ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet og auka kontingentutgifter i samband med deltakinga i forskings-samarbeidet med EU.
1,2 milliardar til vaksenopplæring
Kompetanseutvikling står sentralt i regjeringa si satsing for 2000. Regjeringa ønskjer ei brei oppfølging av kompetansereforma, og foreslår å løyve 180 millioner kroner ekstra til tiltak som gjeld reforma. Totalt vil det bli løyvd om lag 1,2 milliardar kroner til vaksenopplæring på KUF sitt budsjett. Dette er ein auke på 8,9 prosent. Det blir foreslått å løyve 50 mill. kroner til kompetanseutviklingsprogram i 2000.
Det blir vidare foreslått å løyve 90 millionar kroner for å gjennomføre regelendringar i Statens lånekasse for utdanning, blant anna for å gjere utdanning meir tilgjengeleg for vaksne. Det blir foreslått å løyve 10 millionar kroner til å utvikle
undervisningsmodellar i vidaregåande opplæring som er tilpassa vaksne. Det blir vidare foreslått å løyve 10 millionar kroner til å auke det statlege tilskotet til kurs innan vidaregåande opplæring i regi av studieforbund og fjernundervisningsinstitusjonar, 10 millionar kroner til å vidareutvikle eit system for dokumentasjon av realkompetanse og 10 millionar kroner til å kartleggje og setje i gang grunnskuleopplæring for vaksne.
15,2 milliardar til høgre utdanning
Det blir i budsjettet for KUF foreslått å løyve 15,2 milliardar kroner til høgre utdanning. Dette er ein auke på 4 prosent i forhold til vedtatt budsjett korrigert for tekniske endringar. Regjeringa prioriterer å halde oppe opptakskapasiteten på prioriterte utdanningar, som informasjonsteknologi-, lærar- og helse- og sosialfaglege utdanningar. Det blir her foreslått å opprette 760 nye studieplassar. I tillegg er institusjonane pålagde å omdisponere ca 300 studieplassar til desse utdanningane.
Samstundes foreslår Regjeringa ein nettoreduksjon i talet på studieplassar på om lag 1750. Forslaget kjem som ein følgje av reduksjon i søkinga til høgre utdanning. Institusjonane det gjeld vil imidlertid berre få eit budsjettkutt på 50 prosent for nedlagde studieplassar. Resterande midlar vil kunne nyttast til omstilling og meir ressursar per studieplass, noko som vil kunne skjerme forskinga. Det blir lagt vekt på å halde oppe eit høgt aktivitetsnivå ved institusjonane i distrikta. Regjeringa foreslår å løyve 45 mill. kroner for å etablere utdannings- og forskingsverksemd ved eit IT- og kunnskapssenter på Fornebu. Det blir vidare foreslått å løyve 15 mill. kroner til "Bedriftsuniversitetet" knytta til Fornebu.
2,1 milliardar til grunnskulen
Det blir foreslått å løyve om lag 2,1 milliardar kroner til grunnskulen, ein auke på 9,4 prosent i høve til 1999. Regjeringa foreslår også å løyve om lag 1,1 milliardar kroner til vidaregåande opplæring over KUF sitt budsjett. Dette er det same som for inneverande år.
Desse avisene er no på nettet med nytt frå statsbudsjettet:
Nettavisen
VG
Dagbladet
|