Forskarsmil på nettet
Neste veke er absolutt siste sjanse for dei forskarane som enno ikkje er blitt fotografert med vårt nye digitale kamera. Difor vil fotografen tirsdag 14. desember oppsøkja kvar enkelt som det manglar bilete av.
10.12.1999 - Elin F. Styve
Digital fotografering gjev både NHH og den enkelte forskar store fordelar i arkivsamanheng, og bileta vert også lett tilgjengelege på internett. I tillegg gjev det nye kameraet bilete med trykkvalitet til ulike aviser og magasin, og kjem i 2000-utgåva av "Hvem kan hva på NHH".
Tormod Berg kjem rundt til den enkelte tirsdag 14. desember. Er du ikkje til stades då, er den mogleg å stikka innom til informasjonsavdelingen mellom 1000 og 1200 onsdag 15. desember.
Dei som gjenstår etter dette vil det måtta bli brukt gamle bilete av i "Hvem kan hva".
|