Forhandlingar om heime-pc til NHH-tilsette
IT-avdelingen er for tida inne i forhandlingar med ulike leverandørar om eit heime-pc konsept for tilsette ved NHH.
13.12.1999 - Elin F. Styve
Tilboda gjeld kjøp av heime-pc via NHH med bruttolønnstrekk som betaling, slik fleire bedrifter og andre offentlege institusjonar har organisert det.
- Vi er framleis i forhandlingsfasen, og ser på ulike alternativ. Vi vil bruka tid på å finna den løysinga og det tilbodet som er best, seier Kenneth Gravdal. Han fortel at det vil koma meir informasjon om dette over nyttår, og når dei har eit tilbod klart vert det arrangert eit informasjonsmøte om ordninga. Det vil truleg skje i midten av januar.
For dei som tenker å kjøpa seg eigen pc til jul eller like etter, kan det såleis vera lurt å venta til tilbodet frå NHH er klart. Paraplyen kjem tilbake med meir informasjon seinare.
|